Hopp til innhold

Prost vil avkristne gravplass

Prosten i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, vil avvigsle deler av gravplassen på Stokkenes på Nordfjordeid.

Prost Rolf Schanke Eikum
Foto: Steinar Lote / NRK

Han vert dermed den første i landet som avvigslar deler av ein gravplass som alt er i bruk.

- Vi må og tenkje på minoritetar som kanskje ikkje vil vere i vigsla jord. Skal vi forvalte ein gravplass for alle som bur i kommunen, så må vi også ta omsyn til minoritetane, seier prost Rolf Schanke Eikum.

-  Bra å vere tidleg ute

Å bli gravlagt i uvigsla jord er nemleg ikkje berre enkelt for dei som ynskjer dette. Men Eid sokneråd har drøfta saka og no skal deler av gravplassen avvigslast.

 

 

 

Gravplassen på Stokkenes på Nordfjordeid.
Foto: Steinar Lote / NRK

Schanke Eikum vart overraska då han fekk høyre at han er føre si tid. Då han nyleg vigsla ein ny gravplass i Stryn let han vere å vigsle delar av den.

- Kvifor kan ikkje kyrkja også vere tidleg ute?

- Trur på ein annan gud

Lenger oppe på gravplassen er Jens Peder Olsen iferd med å grave opp ei grav. Jobben hans står i kontrast til at han sjølv er humanetikar.

- Det er veldig bra. Eg kan godt forstå at enkelte ikkje vil ligge i vigsla jord. Kyrkjegarden er vigsla til ein annan gud enn den dei trur på.

Vil gravleggjast attmed familien

Han set pris på at det no kan vere råd å få ein uvigsla gravstad. Men han er i tvil om det er mange humanetikarar som vil nytte seg av tilbodet.

- Dei fleste vil heller ha ei grav nær familien, trur Olsen.

-Vigsling er overtru.

Informasjonssjef Jens Brun-Pedersen i Human-etisk forbund seier til vl.no. at prosten i Nordfjord får gjere som han vil, men for Human-etisk forbund er vigsling overtru. For dei er det difor uinteressant om grava er i vigsla eller uvigsla jord.

-Religiøse menneske må få lov til å vigsle gravstader så mykje dei vil. Den type magi tilhører ikke vår verd, så det vil være like overtruisk av oss å krevje avvigsling.