Politihund fann hasj
Politiet tok ein person med hasj under det store datatreffet Vestlan i Førde sist helg. Dei hadde med seg narkohund, som sniffa seg fram til stoffet som låg i bagen til personen. Med tanke på at 250 ungdomar var samla, er politiet nøgde med resultatet av aksjonen, seier regionlensmann Dag Fiske.