NRK Meny
Normal

Ser alvorleg på brutal vald på russefest

Politiet ser svært alvorleg på valdsepisoden under svartrussen i Florø sin russedåp.

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

ALVORLEG: Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon seier dei ser alvorleg på valdsepisoden på russefesten i Florø onsdag kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ein av 17 år gamal gut vart sendt til legesjekk og vidare til Førde sentralsjukehus etter at han vart slått ned av tre andre under russefesten ved Sørstrand Folkepark onsdag.

Politiet har sidan hendinga onsdag kveld etterforska saka.

– Det var bruk av vald på ein slik måte som gjer at vi skal sjå svært alvorleg på saka. Det er ein råskap i denne hendinga som ikkje er kvardagskost for politiet, seier politistasjonssjef Robert Veseth til Firdaposten.

– Vi var for naive

Festen var svartrussen i Florø sin dåp og startskot på årets russefeiring. Den var lagt til onsdag for å unngå konfrontasjonar med raudrussen som hadde russedåp same kveld.

Sjølv om det aller meste var godt planlagt, vedgår russepresident Charlotte Johannesen overfor Firdaposten at det var ein tabbe å opne for at også andre svartrussar fekk komme. Eitt par av desse var involvert i episoden.

– Vi var for naive. Vi trudde vi hadde kontroll. Det hadde vi diverre ikkje. Slike hendingar kan vi ikkje akseptere, seier ho til avisa.

Tek ansvar

Valden starta med at fornærma vart skulda for å ha stole alkohol frå ein annan. Konfrontasjonen såg ut til å roe seg, men eskalerte då fornærma skulle tisse seinare på kvelden.

Då vart han overfallen og slått av tre personar. Russepresidenten seier til Firdaposten at dei tek ansvar, og nektar dei mistenkte å vere med på fleire russefestar i deira regi.

– Eg har snakka med dei mistenkte. Dei har full forståing for at dei ikkje kan vere med på dei neste festane vi kjem til å arrangere, seier ho til avisa.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå