NRK Meny
Normal

«Eg har blitt slått i skrittet og blitt kasta avføring etter på jobb»

Politibetjent Kjell Magne Barsnes (35) har som dei fleste andre politifolk blitt utsett for vald på jobb. – Utviklinga er veldig skremmande, seier han.

Video Politibetjent Kjell Magne Barsnes fortel om det å bli utsett for vald

NETT-TV: Politibetjent Kjell Magne Barsnes var kasta drit etter i sentralarresten på Flora politistasjon. Politifolkene måtte til slutt bruke peparspray for å få kontroll på den hepatittsjuke arrestanten.

Kvar einaste dag i fjor vart det registrert mellom tre og fire valdshandlingar mot offentlege tenestemenn i Norge. Det er meir enn ei dobling på femten år.

Politibetjent Kjell Magne Barsnes ved Flora politistasjon har arbeidd som politi i fem år og har allereie blitt utsett for vald fleire gonger.

– Eg har blitt slått i skrittet av ein ung mann og blitt kasta avføring etter av ein som var pågripen og sett i arresten. Han måtte vi bruke peparspray mot og leggje i handjern for å få kontroll over.

– I tillegg har eg vore med på ein litt ekkel episode der vi måtte vri ein kniv ut av handa på ein trugande mann vi skulle pågripe. Då kjenner ein at blodpumpa går. Ein må handle raskt i slike situasjonar, seier Barsnes.

Ikkje nok med at politiet stadig oftare blir utsett for vald; valden har også blitt grovare. Folk manglar respekt for autoritetar, slår Politiets Fellesforbund og Riksadvokaten fast.

Mest skadd under pågriping

Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, er svært uroa over at politiet stadig oftare blir utsette for vald i tenesta.

– Utviklinga er veldig negativ. Eg trur den viktigaste årsaka er at folk har mindre respekt for autoritetar. Terskelen for å bruke vald mot politiet har blitt lågare og politiet si rolle i samfunnet har blitt vanskelegare. Det er det ingen tvil om, seier Johannessen til NRK.no.

NRK har fått tilgang til politiet sin personskaderapport som viser at storparten av skadane blant politifolk skjer under pågriping og ransaking. I fjor vart det rapportert 542 personskadar i politiet: 40 prosent av dei skjedde under pågriping eller ransaking.

Slag og spark, i tillegg til fall, er skadeårsakene som oppstår oftast. Personskadar som skjer ved spytt- og blodsmitte, samt ved kollisjon, utgjør nærare ti prosent av dei rapporterte skadane i politiet i fjor.

Tal frå Politidirektoratet og Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at registrerte valdshandlingar mot offentlege tenestemenn har gått drastisk opp sidan starten på 1990-talet. Det har vore over ei dobling frå den gong og fram til i dag.

I 1995 vart det registrert 608 saker, og etter det har det berre gått oppover. I fjor var talet 1327 saker som omhandla vald mot offentlege tenestemenn. I fjor var 909 av sakene valdshandlingar mot politifolk.

Dei siste ti åra har fire polititenestemenn blitt drept i tenesta: Rogaland (2004), Hordaland (2008), Agder (2010) og Helgeland (2010).

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Søndag 21. mars 2010 i Kristiansand i forbindelse med at politiet kom til stedet etter melding om ordensforstyrrelse, i det han befant seg på taket av bygningen, ropte han etternavnet til politistudent XX samtidig som han kastet en takstein mot han. Politistudenten måtte hurtig forflytte seg under tak, slik at taksteinen knuste i bakken få meter foran beina hans. I forbindelse med at han skulle fremstilles for lege på legevakta, sparket han politibetjent NN i skrittet.

Mann (42) vart dømd til fengsel i 60 dagar for ei rekkje lovbrot

«Vi måtte til slutt bruke pepperspray på han»

Politibetjent Kjell Magne Barsnes hugsar godt då han og to kollegaer måtte ta hand om ein aggressiv mann i sentralarresten på Flora politistasjon for to år sidan. Mannen i 20-åra, som har hepatitt (smittsam leverbetennelse), hadde gjort frå seg inne på cella og putta kleda sine ned i toalettet slik at cella vart overfløymd.

– Eg hugsa at operasjonssentralen ringte oss og bad oss komme til stasjonen fordi dei hadde ein vanskeleg arrestant på cella. Han hadde bæsja på madrassen, tatt driten opp i hendene og smørt det utover cella. Han hadde også skreve med avføringa på celledøra, seier Barsnes.

Politibetjent Kjell Magne Barsnes

UTSETT FOR VALD: Politibetjent Kjell Magne Barsnes har blitt utsett for vald fleire gonger.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vi visste kva som kom til å møte oss, så vi kledde oss opp i kvite dressar i tillegg til at vi tok på oss hette, hanskar og munnbind. Då vi prøvde å ta oss inn til han ropte og skreik han til oss. Han kasta også kleda mot oss.

Barsnes prøvde på nytt å ta seg inn til mannen saman med ein annan politibetjent og ein arrestforvarar.

– Men arrestanten berre ropte og skreik til oss og ville ikkje roe seg. Det heile enda med at vi måtte bruke peparspray for å få han til å roe seg. Han hadde hepatitt, og han hadde bæsj på hendene og på kroppen. Vi måtte inn til han, for han var til fare for seg sjølv, seier Barsnes.

Politibetjenten fortel at det heile enda med at dei måtte legge han i handjern. Opp i det heile kom mannen også med trugsmål mot politibetjentane:

– Han sa til kollegaen min at han måtte passe på kona si fordi han hadde skytetrening, og at han skulle sprenge bilen min. Han sa også kva han hadde tenkt å gjere med dottera til kollegaen min. Denne personen har vi stadig problem med, og han brukar slike verkemiddel bevisst for å påverke oss, seier Barsnes.

Tek fleire forhandsreglar

Mannen har fleire gonger nytta vald mot politiet. Også hausten 2007 kom han med trugsmål mot politiet i samband med at han vart sett i arresten etter at han ikkje ville forlate ein stad. Under ransakinga møtte politiet leggje mannen i golvet og det vart funne tre gram hasj. Han sa til politibetjentane at han skulle drepe dei og døtrene deira.

Tiltalte har forklart at det «svartna» for han då politiet tok ham med fysisk makt.

Mannen vart dømd til fengsel i fem månader for ei rekkje lovbrot. I dommen skriv tingretten at mannen over tid hat vist manglande respekt for politiet sitt arbeid og at det må reagerast strengt på.

– Det er skremmande at folk oppfører seg slik, men slik er desverre utviklinga. Det er ikkje bra om vi må begynne å ty til fysisk makt for å få folk til å gjere som vi seier. Mykje av problemløysinga vår er basert på at vi har respekt, og vi prøver alltid å løyse ting på mildaste måte, seier Barsnes.

Han fortel også at han blir meir og meir bevisst på at han kan bli utsett for vald. Han tek fleire forhandsreglar no enn då han starta i politiet.

– Eg er redd for at denne utviklinga kan føre til at vi må vere hardare når vi skal løyse oppdraga våre, og at vi må leggje lista høgare.

– Vi treng eldre politifolk på gatene

Politiførstebetjent Jan Arild Nervik

FLEIRE ELDRE PÅ GATA: Politiførstebetjent Jan Arild Nervik (41) trur fleire erfarne politifolk på gata kan vere med på å snu trenden med meir vald mot politiet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

NRK har vore med politiet ut på gata i Førde, og samtlege politifolk på vakt denne natta har blitt usette for vald på jobb. Dei fortel om biting, spytting, slag og spark.

Politiførstebetjent Jan Arild Nervik (41) har blitt utsett for vald og trugsmål fleire gonger i si femten år lange teneste i politiet.

– Eg har blitt slått og sparka under pågriping, men eg har aldri blitt skadd. Politi er eit risikoyrke, men ein skal ikkje finne seg i alt. Eg veit om kollegaer som har blitt bitt, spytta på, lugga og slått. Eg veit også om kollegaer som har blitt forsøkt påkøyrd, seier Nervik.

Han seier utviklinga er synd og skremmande. Han meiner det å få fleire eldre tenestemenn og -kvinner ut på gata kan vere med å snu trenden.

– Politiet som utfører ordensteneste i dag består av flest unge politifolk. Eg trur eit tiltak mot problemet er å få eldre polititenestemenn ut på patrulje. Dei har meir erfaring og veit betre korleis ein kan takle ulike situasjonar betre enn dei ferske, seier politiførstebetjenten.

Video Politiet blir oftare utsett for vald

NETT-TV: NRK var med politiet i Førde ut på gata. Politiførstebetjent Jan Arild Nervik trur fleire eldre politifolk i ordensteneste kan vere med på å få valdstala mot politiet til å gå ned.

Lørdag 1. januar 2011 i Oslo, i forbindelse med at han ble pågrepet av politiet, bet han politibetjent NN i venstre underarm og spyttet mot ham.

Mann (17) tiltalt for vald mot offentleg tenestemann

Johannessen: – Mindre respekt for autoritetar

Arne Johannessen

UROA: Arne Johannessen, leiar i Politiets Fellesforbund, er svært uroa over at fleire og fleire politifolk blir utsette for vald i tenesta.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Arne Johannessen er tidlegare lensmannen i Sogndal og har sjølv blitt utsett for vald på jobb. Han fortel at større innvandring også fører til meir vald mot politiet.

– Det er heilt openbart at enkelte etniske grupper har mindre respekt for politiet. Ein del innvandrarmiljø har ein heilt anna terskel for å bruke vald mot politiet. Det har nok med manglande respekt for politiet i heimlandet å gjere, der ein gjerne opplever eit korrupt system som har null respekt i samfunnet, seier Johannessen.

Dersom utviklinga held fram trur fagforeiningsleiaren at det kan gå ut over rekrutteringa til politiyrket.

– I yttarste konsekvens kan det det. Det kan føre til at dei mennesketypane vi vil ha inn i politiet ikkje vil søkje. Det er klart at det gjer noko med heile politirolla når det blir mindre respekt for politiet sin uniform. Politiet sin kvardag blir prega av dette viss utviklinga får halde fram. Ein kan heller ikkje utelukke at politiet vil vegre seg i større grad for å gå inn i situasjonar, seier Johannessen.

Kva må gjerast for å komme denne utviklinga til livs?

– Det er to ting som må til. For det første må straffenivået bli høgare. Dagens straffenivå høyrer ikkje heime nokon plass. For det andre treng vi fleire politifolk, for i dag er vi kraftig underbemanna. I mange oppdrag deltek altfor få politifolk, og då er ein meir utsett for vald. Respekten blir mindre når politiet kjem i mindretal for å løyse ein vanskeleg situasjon. I gamledagar vart det sendt ut mange politifolk for å løyse til dømes eit masseslagsmål. Slik er det ikkje i dag, seier Johannessen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politiet på patrulje i Førde

PÅ PATRULJE: Politibetjent Kjell Bolsø og politiførstebetjent Jan Arild Nervik patruljerer gatene i Førde sentrum. Begge har blitt utsette for vald i tenesta.

Foto: Simon Solheim / NRK

Vart truga med kniv av kriminell

Det er natt til laurdag og det er midt i november. Politibetjent Kjell Magne Barsnes og to kollegaer har tatt seg inn i eit privathus i Florø for å pågripe ein kjenning av politiet.

Mannen som er av utalandsk opphav og i midten av 20-åra gjorde aktiv og fysisk motstand mot politibetjentane, og under pågripinga fekk han tak i ein kniv som låg på kjøkkenbenken.

– Vi opplevde ikkje situasjonen som spesielt trugande før han tok fram kniven. Vi må handle rask når slik skjer, seier Barsnes.

Ein politistudent som var med på oppdraget braut kniven ut av handa med makt, og dei fekk lagt mannen i bakken. I dommen frå Fjordane tingrett står det at tiltalte sin handlemåte var utan tvil eigna til å skape alvorleg frykt og redsel for polititenestemennene.

Den same mannen har gjentekne gonger utsett politiet for vald, og han er straffedømd ei rekkje gonger. Ein månad før knivepisoden spytta han ein politibetjent i ansiket.

To politimenn var i ferd med å føre han ut av bilen då han spytta ein av dei i ansiktet. Spyttet traff politibetjenten i auge og gjorde til at han hadde vanskar med å sjå klart.

Natt til lørdag 31. januar 2009 i Strandgata i Florø, då han ble avskrevet personalia av politiet, slo han politibetjent Kjell Magne Barsnes i scrotum.

Mann (21) dømd til fengsel i 45 dagar for fleire lovbrot

Natt til lørdag 31. januar 2009 i (...)vegen i Florø, da han ble fulgt inn i sitt eget hjem, gikk han til angrep på politibetjent Kjell Magne Barsnes. Han dyttet Barsnes målrettet med strake hender. Tiltalte sa også at Barsnes var en kuk og at politistudent NN var en fitte. Han sa også at han ville drepe Barsnes og NN.

Mann (21) dømd til fengsel i 45 dagar for fleire lovbrot

Skjer oftast om natta og i rusa tilstand

NRK har gått gjennom ei rekkje dommar og tiltalar mot personar som har utsett politiet og andre offentlege tenestemenn for vald. Storparten av valdsepisodane skjer om natta og i rusa tilstand.

  • «Lørdag 4. september 2010 ca. kl. 00.30 i Strømgaten i Bergen, i forbindelse med at hun ble innbragt på grunn av beruselse, slo og sparket hun etter politibetjent NN og politibetjent XX, forsøkte å bite XX i foten og klotre NN på høyre arm. Hun uttalte også at hun håpet at NN ble syk av kloremerket hun hadde, at NN var en hore og en feit megge og at XX var en jævla taper og at han skulle dø.» Kvinne (51) vart dømd til 30 timer samfunnsstraff
  • «Fredag 13. august 2010 i Oslo fengsel slo han fengselsbetjent NN gjentatte ganger med knyttet hånd slik at NN falt, og deretter fortsatte han å slå NN som lå på gulvet.» Mann (31) tiltalt for vald mot offentleg tenestemann
  • «Fredag 26. november 2010 utenfor en restaurant i Molde slo eller dyttet han kraftig til politiførstebetjent NN i brystet.» Mann (43) tiltalt for vald mot offentleg tenestemann
  • «Tirsdag 6. juli 2010 i Kirkeveien i Oslo, i forbindelse med undersøkelse i ambulanse, tok han tak i nakken til ambulanseansatte NN og holdt henne fast, mens han holdt henne fast tildelte han henne gjentatte slag med knyttet hånd mot hodet, skulder og overarm, samt lugget henne.» Mann (29) tiltalt for vald mot offentleg tenestemann

Trur utviklinga vil føre til væpning av politiet

Politibetjent Kjell Magne Barsnes trur den skremmande utviklinga vil føre til ein fortgang i debatten om væpning av politiet i Norge.

– Eg er blant dei som ikkje ønskjer at vi skal bære våpen på jobb. Men eg trur desse tala vil vere med å få fortgang i prosessen. På eitt eller anna tidspunkt kjem vi til å bli utstyrte med våpen vi også, seier Barsnes til NRK.no.

Video Politiet blir oftare slått og spytta på

NETT-TV: Frå NRK Vestlandsrevyen og Dagsrevyen. Politiet blir oftare slått og spytta på.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.