Hopp til innhold

Fekk samfunnsstraff for gamle lovbrot

Fleire gonger purra forsvararen på påtalemakta. No har sunnfjordingen i 30-åra fått domen for fleire år gamle synder.

For også påtalemakta fekk påpakning då sunnfjordingen fekk sin niande dom sidan 2002.

Lovbrota mannen stod tiltalt for skjedde i 2013 og 2014. Men det skulle altså bli februar 2016 før han fekk vite straffa.

Dette meinte fleirtalet i Fjordane tingrett er i strid med menneskerettane. Under rettssaka dokumenterte forsvararen gjentekne forsøk på purre på påtalemakta for å få saka avgjort.

Aktor stadfesta også at saka hadde vandra mellom ulike juristar, og at mannen i 30-åra ikkje kunne skuldast for den lange sakshandsamingstida. Dette viste også att i straffutmålinga.

Påtalemakta la ned påstand om 292 timar samfunnsstraff, med ti månader gjennomføringstid. Fleirtalet meinte 240 timar med gjennomføringstid på åtte månader var meir passande.

Sunnfjordingen stod tiltalt i fleire vinningsbrotsverk. Alle for å finansiere eige rusmisbruk.

Natt til 1. oktober 2013 tok han og ein kamerat seg inn i ein privat bustad i heimkommunen. Like etter utførte dei eit spontaninnbrot i den lokale butikken. Her tok dei med seg tobakksvarer, rusbrus, flaxlodd og nær 130 000 kroner i kontantar.

Dei tok også med seg eit minibankkort som dei tok ut 9 900 kroner på og brukte til å handle for 33 000 kroner.

Mannen vart også funnen skuldig i å ha stole ein crossmotorsykkel i Bergen, samt å ha planlagt svindel av ein privat bilseljar.

Sunnfjordingen vart sist dømd i 2013 og ei rekkje av lovbrota han no vart dømd for skjedde i prøvetida for denne.

Mannen har siste tida endra livsstilen merkbart. Han har starta LAR-behandling for rusproblema, og har fått seg både kjærast og jobb. Mannen har også langt på veg brote med sin tidlegare kriminelle omgangskrets. Fleirtalet meinte difor det vil vere ugunstig for mannen å måtte sone fengselsstraff.