NRK Meny

Påstand om sjå månadar fengsel

Aktor legg ned påstand om sju månadar fengsel for danske vikarlegen etter bildrapssaka på Bryggja. I påstanden blir det lagt vekt på at det var snakk om grov aktløyse, betydeleg høg fart og at mannen kom over i feil køyrebane. Det er også skjerpande at han var påverka av medikament. Aktor Erling Melvær ber også retten om å vurdere om mannen er soningsdyktig i det heile. Han synte til at den danske legen to gonger tidlegare har mista førarkortet, og la ned påstand om tap av førarretten for alltid.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå