Pågripen steinleggar blir utvist frå Norge

Ein utanlandsk mann er pågripen i samband med steinlegging i Havreneset i Florø. – Ver varsam med kven du slepper inn i heim og hage, er oppmodinga frå politiet.

Steinleggere

PÅGRIPEN: Ein utanlandsk steinleggar vart i ettermiddag pågripen for brot på Utlendingslova.

Foto: Birger Kjølberg
Oddleif Løseth
Journalist

– Under kontroll av eit selskap vart det funne ein mann som ikkje kunne legitimere seg. Han var pågripen for brot på Utlendingslova og blir utvist, fortel Kjell Magne Barsnes ved politistasjonen i Florø.

Utan dramatikk

Politiet kontrollerte verksemda i samarbeid med Arbeidstilsynet og Skatteetaten. Det aktuelle firmaet vart etter det NRK kjenner til registrert i Brønnøysundregisteret i år, og har framleis tilsette som jobbar i distriktet.

Barsnes ynskjer ikkje å kommentere kva firma det er tale om. Mannen, som har vore her ein kort periode, vart pågripen utan dramatikk.

– Han har sjølvsagt eit ønskje om å vere i Norge og jobbe, seier Barsnes.

– Ikkje alle er like seriøse

Sommaren plar vere høgtid for utanlandske steinleggarar, men diverre er det ikkje alle aktørar som er like seriøse.

Politibetjent Kjell Magne Barsnes

VARSAM: Kjell Magne Barsnes seier det kan vere risikofylt å hyre steinleggarar som kjem på dørene. – Mange krev kontant betaling, og folk står i fare for å gjere seg sjølv kriminelle ved å betale svart for arbeidet, seier han.

Foto: Simon Solheim / NRK

Barsnes oppmodar folk om å vere varsame med kven ein slepper inn i eigen hage og heim.

– Ta gjerne ein kontroll på eventuelle selskap som ein ynskjer å nytte seg av, seier han og oppmodar folk om å søkje opp firma i Brønnøysundregisteret, hos Arbeidstilsynet eller å spørje politiet om råd.

Risiko

Barsnes seier det ikkje har vore fleire klager i år enn tidlegare. Det kan vere risikabelt å nytte seg av steinleggarar som kjem på dørene for å tilby sine tenester.

– Det er både seriøse og useriøse firma som nyttar seg av denne måten å komme i kontakt med kundar, seier Barsnes.

– Kva kan ein i verste fall risikere om ein er uheldig?

– Ein står i fare for å stå att med halvferdig jobb, kvaliteten på arbeidet kan vere dårlegare og det vil vere vanskeleg i etterkant å stelle seg til eit firma som er reist.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.