Hopp til innhold

Over åtte millionar i grasrotmidlar

Lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane får vel 8,1 millionar kroner av den såkalla grasrotandelen frå norske tipparar.

Høyangerspelarane Morten Kåre Øen Eriksen og Thomas Frichsen.

FÅR MEST: IL Høyang (her representert av Morten Kåre Øen Eriksen og Thomas Frichsen) får mest av grasrotmidlane i Sogn og Fjordane. (Biletet er teke før Frichsen forlet Høyang ti fordel for Florø Sportsklubb).

Foto: Oddleif Løset / NRK

I alt 20 089 gjevarar i Sogn og Fjordane har tenkt på sine lokale lag, og dermed kjem til saman 8 132 786 kroner inn på kontoane til friviljuge organisasjonar i fylket.

IL Høyang får mest

Og som i fjor er det IL Høyang som får mest. 277 bidragsytarar syter for at Høyang får 251 009 kroner meir å rutte med. Nest mest får Bjørn Moens minnefond i Årdal, der 295 gjevarar har bidrege med 227 554 kroner.

Her er eit oversyn over kva lag som får mest i kvar einskild kommune:

  • Askvoll: Atløy Idrettslag 41 321 kr.
  • Aurland: Aurland Idrettslag 71 975 kr.
  • Balestrand: Balestrand Idrettslag 31 134 kr.
  • Bremanger: Svelgen Turn og Idrettslag 42 655 kr.
  • Eid: Eid Idrettslag 187 775 kr.
  • Fjaler: Dale Idrettslag 29 020 kr.
  • Flora: Florø Sportsklubb 106 609 kr.
  • Førde: Førde Idrettslag 159 136 kr.
  • Gaular: Gaular Idrettslag 69 942 kr.
  • Gloppen: Breimsbygda Idrettslag 84 358 kr.
  • Gulen: Dalsøyra Idrettslag 30 871 kr.
  • Hornindal: Hornindal Idrettslag 51 653 kr.
  • Hyllestad: Hyllestad Idrettslag 38 354 kr.
  • Høyanger: Idrettslaget Høyang 251 009 kr.
  • Jølster: Jølster Idrettslag 65 736 kr.
  • Leikanger: Idrottslaget Syril 72 354 kr.
  • Luster: Idrettslaget Bjørn 58 320 kr.
  • Lærdal: Dyrevernlaget Indre Sogn 34 552 kr.
  • Naustdal: Tambarskjelvar Idrettslag 68 124 kr.
  • Selje: Selje Idrettslag 52 139 kr.
  • Sogndal: Sogndal Idrettslag Fotball 90 128 kr.
  • Solund: Solund Idrettslag 12 244 kr.
  • Stryn: Stryn Turn og Idrettslag 160 517 kr.
  • Vik: Vik Idrettslag 61 758 kr.
  • Vågsøy: Tornado Måløy Fotballklubb 69 714 kr.
  • Årdal: Bjørn Moens minnefond 227 554 kr

I alt kjem det 296 millionar kroner til lag og organisasjonar i heile Norge. Det er 32 millionar kroner meir enn i 2010.

Her kan du sjå heile oversynet for Sogn og Fjordane (pdf)

Kommunikasjonssjef Magne Vikøren i Norsk Tipping seier at auken skuldast at stadig fleire tipparar finn seg ein grasrotmottakar.

– I tillegg dryp det litt på grasrotandelen når det er så stor interesse for gigantpottane i Viking Lotto.

Magne Vikøren

Magne Vikøren.

Foto: NRK