Hopp til innhold

Østfold Energi innrømmer svikt i rutinane sine

LÆRDAL (NRK): Kraftselskapet som tappa Lærdalselvi for mykje ved ein tabbe og drap lakseyngel, har kome fram til at det er ein svikt i rutinane deira som er grunnen.

Bjørn Røvik

SVIKT I RUTINANE: Kraftverkssjef Bjørn Røvik i Østfold Energi.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi har gått igjennom det vi har av kurver og loggar og slike ting. Det vi har kome fram til er at det er gjort ei feilvurdering av kor mykje vatn det kom til å vere i elva. Det er ein svikt i våre interne rutinar, seier kraftverkssjef i Østfold Energi Bjørn Røvik.

Låg vassføring i Lærdalselvi

TØRRLAGT: Eitt av sideløpa til Lærdalselvi medan vassføringa var på det lågaste måndag.

Foto: Mark Brooks

Det var tysdag at kraftselskapet tappa for mykje vatn ut av Lærdalselvi, resultatet vart at fleire generasjonar med lakse- og aureyngel kan ha gått tapt.

I dag har det vore oppvaskmøte i Lærdal, der mellom anna fiskeeigarlaget og kraftselskapet var til stades.

– Vi må sjå på våre rutinar og vurdere dei. Vi må gjere faren for menneskeleg svikt så liten som mogleg, sa Røvik etter møtet.

Daud yngel i Lærdalselvi

YNGELDØD: Det er førebels uvisst kor mange slike som måtte bøte med livet måndag.

Foto: Privat

Har ikkje diskutert økonomisk skuld

Røvik vil ikkje seie om det er aktuelt for kraftselskapet å bidra noko økonomisk i samband med tabben dei har gjort.

– Vi har ikkje gått inn på dette med skuld og økonomi endå. Vi har eit veldig godt samarbeid her i Lærdal mellom fiskeeigarlaget og oss, og vi kjem nok til å finne ut av dette i lag.

Finn Mo i Lærdal

VIL IKKJE SAKSØKE: Finn Mo i Lærdal fiskeeigarlag meiner Østfold Energi har svart bra for seg i dag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Vil ikkje saksøke

Finn Mo er nestleiar i Lærdal elveeigarlag, og dei har vore med på møtet med Østfold Energi i dag. Mo seier at dei ikkje vurderer å gå til søksmål mot kraftselskapet.

– Østfold Energi har svart godt for seg på spørsmåla dei fekk i dag, vi vurderer ikkje noko søksmål no, seier Mo.

Partane har også diskutert konsekvensane av uhellet i dag. Mo seier at det kan ta nokre år før vi verkeleg ser skadane i elva.

– Om 4–5 år når yngelen kjem tilbake til elva som laks, vil vi sjå omfanget av det.