Sportsleg leiar Anders Giske i Sogndal Fotball stadfestar at avstanden mellom tilbodet frå Ham-Kam og kravet frå Sogndal er svært stor. - Slik vi tolkar det betyr det at det ikkje blir noko av overgangen til Ham-Kam, seier han.
Giske vil ikkje ut med kva sum Ham-Kam tilbyr og kva Sogndal krev for Tommy Øren, som i går sa at han valde Ham-Kam framfor Start og Molde.