Sogndal og Ham-Kam klarte ikkje å bli samde om pris på Tommy Øren. Dermed ser det ut til at overgang til Ham-Kam går i vasken, seier ein skuffa Tommy Øren.
- Det er skuffande at dei ikkje vert einige. Det er ikkje krise å bli verande i Sogndal, vi får berre sjå kva som skjer, seier han.
Eit lite håp
Sportsleg leiar Anders Giske sa i går at avstanden mellom tilbodet frå Ham-Kam og kravet frå Sogndal er så stor at han såg forhandlingane om overgang som sluttført. Øren har likevel eit lite håp om at klubbane blir samde, men vil elles oppfylle kontrakten han har med Sogndal. Han seier at per i dag er det ikkje aktuelt å gå til ein annan klubb enn Ham-Kam.