Hopp til innhold

«No må vi finne ut kva som har skjedd»

NORDFJORDEID (NRK): Ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, vonar at politiet no klarer å kome til botn i kva som skjedde med den mindreårige jenta som melde ein valdtekt natt til søndag.

Alfred Bjørlo

UROA: Ordførar Alfred Bjørlo meiner at den store rockefestivalen Malakoff i all hovudsak har vore svært trygg for publikum. Den påståtte valdtekta skjedde utanfor festivalområdet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jenta, som er 14 eller 15 år, fekk rask kontakt med både helsepersonell og politi etter hendinga. Dei tre tenåringsgutane som er sikta i saka, blei pågripne på to ulike stader i Nordfjord søndag. Dei er førebels sikta for seksuell omgang med mindreårig over 14.

– Det er klart at dette er den type nyheit ein absolutt ikkje ønsker å høyre etter ein slik festival. Samstundes er dette ein type hendingar ein aldri har 100 prosent garanti mot, uansett kor mykje sikkerheitstiltak ein set inn. Det er ei trist hending, og no må vi gjere alt for å finne ut kva som faktisk har skjedd og det må ha førsteprioritet no, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, til NRK.

Skjedde midt i sentrum

Han legg vekt på at Malakoff Rockfestival, som er ein av landets største festivalar, har eit sterkt fokus på tryggleik, og at den påståtte valdtekten skjedde utanfor festivalområdet.

– Det er eit nært og godt samarbeid mellom kommune, festivalleiing og politi. Det er tryggleiksfolk tilstades, både på og utanfor festivalområdet. Malakoff Rockfestival er i det store og det heile ein trygg festival, meiner ordføraren.

Etterforsking Nordfjordeid Malakoff politi

SJEKKA GRUNDIG: Politiet har brukt alt tilgjengeleg mannskap til å etterforske den påståtte valdtekta søndag og mandag.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Vurderer fengsling i kveld

Den eine av dei tre sikta, blei tidlegare i dag slept fri sidan politiet meiner det ikkje er fare for å miste bevis i saka. Dei to andre er framleis i forvaring på Eid lensmannskontor, og vil bli avhøyrd i løpet av ettermiddagen og kvelden.

– Spørsmålet om varetektsfengsling blir vurdert etter at desse avhøyra er gjennomført. På noverande tidspunkt blir det ikkje frigjeve opplysningar om korleis dei stiller seg til siktinga, eller andre opplysningar som er kome fram gjennom etterforskinga, skriv politiet i ei pressemelding.

Har sett kriseteam i beredskap

Kommunen har sett sitt psykososiale kriseteam i beredskap, men førebels har det ikkje vore naudsynt å bruke desse fagfolka, opplyser ordførar Alfred Bjørlo.

– Vi har hatt ein kontakt med politiet om det, og vi har psykososialt kriseteam og anna i beredskap. Førebels er ikkje dette sett i drift utfrå den dialogen vi har hatt og dei opplysningane vi har fått frå politiet, slår Bjørlo fast.

Dei tre unge mennene som er sikta i saka kjem frå ulike stader i Nordfjord-regionen, medan den mindreårige jenta kjem frå ein annan kant av landet. Etter det NRK kjenner til, var jenta hos slektningar i Nordfjord.