I september vart hovudspennet løfta på plass i Brandangersundet og i morgon opnar ho for trafikk.
Dermed slepp dei omlag 700 innbyggjarane på øyane Sandøy, Mjømna og Byrknesøy å ta ferje.
Direkte i føremiddagssendinga
Du kan bli med på opninga av brua i føremiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane torsdag 4. november. Sendinga startar kl 11:03 og reporter Birger Meland er på plass for å følgje denne festdagen for lokalsamfunnet. Det er fylkesordførar Nils R. Sandal som står for den offisielle opninga.
Smekker bru
Brua er til saman 285 meter lang, og det raudbrune hovudspennet er på 220 meter. Brutypen vert kalla nettverksbogebru med kryssande hengestenger, på grunn av stålvaierane som kryssar kvarandre mellom bogen og køyrebana.
Prosjektleiar Aril Hanekamhaug i Statens Vegvesen fortel at det er ei spesiell bru som no er på plass.
– Det er ingen anna brukonstruksjon som treng så lite materiale – anten stål eller betong – som denne brua. Dette gjer at det er ein veldig smekker konstruksjon, fortel Hanekamhaug i ei pressemelding.
Har anane i fylket
Han seier vidare at noko anna som er særeige med brua, er at det aldri før har vorte løfta på plass ein så stor seksjon av nokon brutype. Og brua er ikkje berre laga og plassert i Sogn og Fjordane, ho har også anane sine her i fylket.
– Brutypens far, Per Tveit, er opphaveleg frå Askvoll, men reiser no verda rundt og held føredrag. Han kjem også til bruopninga i Gulen og får høvet til å fortelje om brukonstruksjonen under festlunsjen i Skjerjehamn. .
Tynn køyrebane
Grunnen til at akkurat denne brutypen vart valt for å binde saman fastlandet og Sandøy, er at Kystverket kom med krav om at det måtte vere 18 meters seglingshøgd i 50 meters breidd under brua. For å kome ned att opphaveleg terreng utan store og skjemmande fyllinger, måtte det ein brukonstruksjon med tynn botn til.
– Køyrebana på brua er støypt i betong, og ingen annan brukonstruksjon har så tynn botn. Dette gjorde at vi fekk den seglingshøgda vi skulle ha, samstundes vi nådde opphavleg terreng der vi ville, seier Hanekamhaug.