Hopp til innhold

Ellevill jubel for Tryllefløyten

Publikum var over seg av begeistring etter premieren på Opera Nordfjord si oppsetjing, Tryllefløyten.

Ein fullsett sal i operahuset på Nordfjordeid, kunne konstatere at Kari Pavelich og resten av Opera Nordfjord nok ein gong har skote gullfuglen. Den klassiske operaen Tryllefløyten, skrive av Wolfgang Amadeus Mozart.

I dag er det søndagsmatiné, og i alt skal det framførast ti framsyningar av operaen, og billettsalet har gått strykande. Bortimot fulle hus, og dermed ny, stor suksess for eldsjelene bak operasatsinga i Nordfjord.

Svært viktig

Fylkesmann Anne Karin Hamre stod sjølv på scena, ikkje for å synge, men for å sende si helsing til alle dei som står bak Opera Nordfjord.

Opera Nordfjord Tyllefløyten

OPNA OPERAEN: Fylkesmann Anne Karin Hamre.

Foto: Stig Høynes

– Eg meiner at det Opera Nordfjord gjer og står for har ein enorm betydning for fylket. Dei er, saman med andre gode krefter, med på å setje Sogn og Fjordane på det musikalske kartet, seier Hamre til NRK.

Solist frå Førde

Det er fleire kjende solistar med i oppsetjinga, mellom anna Jorunn Torsheim frå Førde:

Marius Roth Christensen, Lise Granden Berg, Carl Ackerfeldt, Mari-Kjersti Tennfjord, Odd Grundt, Vibeke Kristensen, Angelica Voje, Gro Bente Kjellevold, Trond Gudevold, Jan Erik Fillan og altså Jorunn Torsheim.

Regissør for framsyninga er Ronald Rørvik.