Sistehjelpskurs - omsorg når livet går mot slutten

DALE (NRK): Kva omsorg kan vi gi eit døyande menneske, kva oppfølging treng dei pårørande? Vanskelege spørsmål som vi alle kjem bort i ein gong i livet.

Omsorg ved livets slutt

SISTEHJELP: Kommuneoverlege Anette Ester frå Hyllerstad kursar komande helsefagarbeiderar i omsorg og pleie ved livets slutt.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Mange har ikkje hatt med døyande menneske å gjere, ikkje ein gong i familien. Det er ganske typisk, seier kommuneoverlege Anette Ester.

Ho har fornorska eit internasjonalt kurs i omsorg og pleie av døyande menneske. For om media kan vere fylde med liding og død, blir det vanskeleg kjem nært på blir det vanskeleg. Folk flest har lite kunnskap om døden og dødsprosessen.

– Vi har kalla kurset «sistehjelp» for at folk skal sjå det i samanheng med det meir innarbeidde omgrepet« førstehjelp»

Vanskeleg tema

Elevar frå helsefagarbeiderutdanningane i Førde, Flora og Dale var måndag på kurs for å lære om den fasen i livet mange kvir seg for å tenke på

– Det er eit vanskeleg tema, og difor er det greitt å få litt kunnskap om det seier, Guri Mongstad.

– Dette kurset er retta inn mot alle som ynskjer det, og vi snakkar om omsorg og kva vi kan gjere når livet går mot slutten, seier Ester.

Omsorg og pleie

Helene Nedrebø

PÅ KURS: Helene Nedrebø (nr. 2 frå venstre)

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Nokre av elevane har alt hatt jobbar i helseinstitusjonar og fått førstehandskjennskap til å det å skulle gi omsorg til døyande,

– Det som skjedde var at pasienten var sjuk, og døydde etter svært kort tid, seier Helene Nedrebø.

Korleis opplevde du det?

– Det var litt ekkelt, men samstundes så er det jo naturleg. Eg er glad for at vi får tilbod om slike kurs som dette, der vi kan høyre og lære meir om dette.

Viktig kunnskap

– I dag har eg fått meir kunnskap om korleis ein skal handtere det, når andre menneske døyr. Dette er jo noko som ein ikkje set seg ned å studerer på eiga hand, så det er greitt å få lære meir det, slik som i dag, seier Amalie Bråstad.

Amalie Bråstad og Guri Mongstad

VIKTIG LÆRDOM: Amalie Bråstad og Guri Mongstad

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Korleis ser du for deg at du i framtida får bruk for det du lærer i dag?

– Viss eg til dømes blir helsefagarbeidar, så får eg jo bruk for dette i jobben.

– Stikkordet er nærleik, vere nær menneske som skal døy. Ikkje vere redde, men ha kunnskap til å hjelpe dei som vil vere der ved senga til den døyande, seier Ester.