Hopp til innhold

Nye søk etter sakna kvinne

Allereie før klokka 0900 sundag var hundepatruljer i gang med søk etter kvinna i 40-åra som er sakna i Vik.

Her vart ho sist sett

HER SLUTTAR ALLE SPOR: Har starta nye søk etter sakna kvinne sundag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kvinna som var på gjennomreise i Vik, vart laurdag føremiddag meldt sakna av mannen. Laurdag kveld vart leitinga avslutta utan resultat.

– Vi kjem i dag til å leite både på land, i sjøen og langs sjøen, seier lensmann Ove Andersen.

Sist sett på utestad

Kvinna vart sist sett ved utestaden Dampen i Vik sentrum kring klokka 0200 natt til laurdag. Både den sakna kvinna og mannen hennar er frå Hordaland og er i Vik på gjennomreise.

Lensmann i Vik, Ove Andersen

INGEN SPOR: Lensmann i Vik, Ove Andersen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har så langt ikkje fått tips om observasjonar som kan vere gjort seinare enn det.

Politiet opplyser at kvinner hadde grå jakke og bukse på seg då ho forsvann.

Utvidar søket

Mellom 30 og 40 personar kjem til å delta i leitinga ut over sundagen. Det er mannskap frå Raude Kors, politiet, Norske redningshundar, spesialdykkarar og frivillige.

– Vi kjem til å utvide søket på land, i høve til kva som vart gjort laurdag.

Startar leiteaksjon i Vik

UTAN RESULTAT: Store leitestyrkar søkte heile laurdag etter den sakna kvinna utan resultat

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politiet har ingen teoriar om kva som kan ha skjedd kvinna, og har så langt ikkje mistanke om at kan ha vore utsett for ei kriminell handling. Men politiet vurderer kriminaltekniske undersøkingar.

– Det blir fortløpande vurdert om det skulle kome inn nye opplysningar, vi går breitt ut og må ha alle moglegheiter opne.

Sjekk uthus og garasjar

Lensmannen gjekk i går ut med ei oppmoding om folk i bygda må leita gjennom eigedomane sine etter spor.

– Det hadde vore fint om folk kan gå gjennom garasjane sine, kjellarane og uthus, for å få sjekka opp om det ikkje kan vere noko i dei områda, seier han.