Siktinga gjer at dei no mellom anna kan etterlyse 35-åringen gjennom det internasjonale politisamarbeidsorganet Interpol, noko dei ikkje kunne så lenge han berre hadde status som vitne.
Får tilgang til passasjerlister
Det har vore spekulert i at mannen alt kan vere i utlandet, i og med at det er kjent at han skal ha tatt ut ei større pengebeløp - og at han hadde gyldige reisdokument etter ei reise til heimlandet tidligare i år. Med ei sikting i hand kan politiet no få tilgang til passasjerlister på til dømes fly og båtar.
Siktinga gjev politiet også moglegheit til ransaking av husværet til 35-åringen, som så langt er den siste personen som er observert saman med den drepne Hedda Karterudseter.
Har ikkje utleveringsavtale
Skulle det vise seg at 35-åringen har kome seg til heimlandet Somalia vil ei sikting også vere med å styrke eit eventuelt krav om utlevering, sjølv om Norge i dag ikkje har noko utleveringsavtale med det afrikanske landet.