og Jostein Nyfløtt.
Rådmann Tor Kristian Gulehaugen i Bremanger seier dei no vil halde eit nytt møte med hjelpevergen til Kreken.
Nye moment
Men rådmannen seier det har kome nye moment i saka, og gir difor ikkje etter for kravet om å flytte funksjonshemma Jon Kreken tilbake, sjølv om sosialdepartementet har fatta vedtak om dette.
Dei nye momenta er ein rapport frå ein lege ved Helse Førde. Denne rapporten er ein observasjon av Kreken som samsvarar med det helsetenesta i Bremanger meiner, seier Gulehaugen.
– Best for Kreken
Vi tar utgangspunkt i det som er best for Kreken, seier rådmannen, som avviser at Kreken vart flytta til pleieheimen for at andre skulle få omsorgsbustaden som han budde i.