Hopp til innhold

Ny kraftuvisse for Høyanger

Statnett ønskjer å rive kraftlinja frå Fardal til Høyanger for å kunne bruke den same traséen for den nye gigantlinja gjennom fylket.

Kraftlinjer
Foto: Rainer Prang

I dag går det tre store kraftlinjer frå Fardal og vestover mot Dragsvik. Prosjektleiar Magne Maurset trur ikkje Statnett får lov til å bygge ei fjerde linje.

- Vi trur det er vanskeleg å få til eit nytt prosjekt utan å rive den gamle.

Leitar etter andre alternativ

I dag har Høyanger to hovudvegar for krafta. Den eine er linja frå Fardal, og den andre kjem frå Moskog og sørover. Dette gjev god tryggleik for kraft til aluminiumindustrien. Skulle ei linje få problem, har dei den andre. Statnett er difor svært usikre på om Høyanger får sikker nok kraft om dei riv linja frå Fardal, og dei leitar etter andre alternativ for å sikre industrien straum.

Frå Sande til Høyanger?

- Dersom det er heilt avgjerande å ha to leidningar inn, kan vi sjå på å byggje ei anna reserveforsyning. Det har vore ymta frampå om det kan byggjast ei kortare linje frå Sande i Sunnfjord til Vadheim og Høyanger, men dette må vi sjå nærare på, seier Magne Maurset.

- Sikker forsyning til Sunnfjord

Statnett peikar på at den nye linja vil vere sikker straumleverandør, og dagens Høyanger-linje til Moskog bli kobla på den nye gigantlinja der. Maurset håpar det skal vere nok, men dette er noko av det som blir viktig å få avklara i høyringsprosessen for den nye linja, ein prosess som nett har starta.

- Det blir ei veldig sikker forsyning, for vi får transformering på Moskog, og då er det kort veg tilbake, derrmed blir det ei svært sikker forsyning inn til Sunnfjord, og det kan og vere nyttig for Høyanger.