Hopp til innhold

Film med heftig skikøyring og brevarndring skal få turistane til å strøyme til Jostedalen

Vandring på Nigardsbreen, kajakk på Styggevatnet og heftig skikøyring ned fjellsidene. Dette er nokre av ingrediensane i ein film som skal få fleire turistar til å ta turen til Jostedalen.

Created by InfoDispatcher

Jostedal-film: Foto/redigering: Falkeblikk/Jo Bergersen.

Det er Falkeblikk AS i Sogndal som har laga filmen på oppdrag frå Luster kommune og fleire bedrifter i Jostedalen. Mellom dei er Breheimsenteret, og dagleg leiar Peder Kjærvik fortel at dette er noko dei har arbeidd med i mange år.

– Dei siste to-tre åra har vi prøvd å samle oss meir som ein destinasjon. Og så har vi eit prosjekt gjennom Direktoratet for Naturforvaltning, det heiter Naturarven som verdiskapar.

– Der fekk vi høve til å gjere noko slikt, og då slo vi til og fekk inn svært dyktige folk frå Falkeblikk i Sogndal. Dette er ei forlenging og ei forbetring av den tradisjonelle marknadsføringa vi har drive med tidlegare.

Peder Kjærvik

YNSKJER FLEIRE VELKOMEN: Peder Kjærvik på Breheimsenteret i Jostedalen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

På ski ned Vetle Geisdalen

Sjølv opptrer Peder Kjærvik i eit lite glimt i den fem minutt lange filmen, utan å seie eit ord. Prosjektleiar Torkjel Solbraa i «Mellom fjell, fjord og folk» i Luster kommune humrar litt.

Torkjel Solbraa

GODT NØGD MED FILMEN: Prosjektleiar Torkjel Solbraa.

Foto: Privat

– Peder ville helst ha redigert vekk snutten med seg sjølv, men vi valde å ta det med.

Aktørane i filmen brukar engelsk, det er førebels ikkje planar om å lage ein versjon med norsk tale.

Solbraa seier at eitt av måla med filmen er å prøve å lokke turistar til Jostedalen også utanom den mest travle sommarsesongen.

– Skikøyringa ned Vetle Geisdalen burde trekkje folk som likar bratt moro. Det er forresten turar i Jostedalen med i ei ny bok som kjem no, «Toppturar i Sogn».

– Aktivitetar for vanlege folk

Filminga starta i fjor haust, men vart litt forseinka på grunn av uflaks med vêret, men ved å bruke ein lokal filmprodusent har dei fått filma det dei skal under dei rette vêrtilhøva.

– Falkeblikk har vore svært medgjerlege og fleksible, og vi er godt nøgde med filmen, seier Solbraa.

Det same seier Peder Kjærvik, som fortel at dei no vil bruke filmen for alt den er verd.

– Filmen viser aktivitetar som vanlege folk kan vere med på, men også meir avanserte aktivitetar, det er stor spennvidde. Vi vil spreie filmen til m.a. Fjord Norge og Visit Norway, og på Breheimsenteret har vi tenkt å rigge oss til slik at filmen kan gå kontinuerleg der turistane kjøper aktivitetane sine.

Kjærvik håpar filmen vil lokke endå fleire til Jostedalen. Han kan fortelje at 2013-sesongen vart langt betre enn mange hadde frykta.

– 2013 har vore eit godt år for reiselivet i Jostedalen, eitt av dei betre.