Hopp til innhold

NTP inn i gigantkonsern

Gaupne-verksemda NTP Paxar vert slukt av verdas største industrikonsern.

For fem år sidan vart NTP kjøpt av Paxar-konsernet. No er det Paxar sin tur til å bli kjøpt opp av industrigiganten Avery Dennison.

Vil ha teknologi

Direktør Atle Gandrudbakken har store forventingar til livet i Avery Dennison-konsernet. Han reknar med oppkjøpet vert fullført 1. juli.

- Eg har ei god magekjensle. Det betyr at vi blir endå viktigare brikke i det nye konsernet som no aukar frå ein milliard i omsetnad til åtte milliardar i omsetnad. Det er teknologien vår som er viktig for konsernet. Sjansen er stor for at vi får ansvar for å bygge opp endå fleire produksjonseiningar andre stadar i verda, seier Gandrudbakken.

Gaupne for alltid

Avery Dennison-konsernet er mellom dei største i verda på sjølvklebande etikettar, og ligg på 412. plass på "Fortune 500" si liste over dei største selskapa i USA. Gandrudbakken fryktar ikkje at arbeidsplassar skal bli flytta.

- Det same dei spurte om for fem år sidan då eg selde verksemda. Sidan då har vi investert eit betydlege beløp i Gaupne for å bli endå meir effektive. Viktigaste grunn for at vi blir her i framtida er at største delen av vår produksjon går til den norske marknaden. Med korte leveringsfristar og høge krav til service, så er det ikkje snakk om å flytte frå Gaupne, seier han.