Hopp til innhold

No skal han gå i lære hos meisteren

Rune Furelid frå Førde trudde knapt sine eigne auge då han fekk svar frå den verdskjende kunstnaren Odd Nerdrum. I februar reiser Furelid til Stavern for å gå i lære hos meisteren sjølv.

Rune Furelid

SPENT: Om kort tid reiser Rune Furelid frå Naustdal til Stavern for å lære alt han kan som Odd Nerdrum-elev.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Furelid har ikkje drive aktivt med målekunst i meir enn eit par år, men læringskurva har vore bratt. Nyleg starta han opp eige firma og i haust var han i Firenze for å studere målekunsten endå nærare. No skal han gå i lære hos Odd Nerdrum.

– Eg har alltid vore fascinert av Nerdrum, bileta hans og teknikken hans. Eg har ikkje målt så lenge, men eg har gått veldig i djupna og studert, seier Furelid.

Furelid har tidlegare stått fram i media og fortalt om korleis livet vende seg til det positive etter den dramatiske trafikkulukka der han blei alvorleg skada.

Har vore ein draum

Kunstnaren trudde knapt på det då han fekk svar.

– Eg var redd det var nokon som hadde hacka seg inn på eposten min og tulla med meg. Men då eg fekk fleire svar igjen skjønte eg at det måtte vere sant. Det har ikkje heilt gått opp for meg, dette må vere årets julegåve. Eg ser ikkje for meg ein annan stad der eg kan lære meir, seier han.

Å gå i lære hos Nerdrum er noko han har drøymt om lenge.

Eg ser ikkje for meg ein annan stad der eg kan lære meir

Rune Furelid

– Så lenge eg har vore interessert i kunst har eg hatt eit ønskje om å komme inn til Nedrum. Eg har ikkje har sett på det som realistisk, for det er folk som søkjer frå heile verda. Men likevel har eg hatt ein draum som gir meg energi i kvardagen.

Eitt bilete gjorde utslaget

Det er berre nokre få månader sidan han søkte, og allereie no kom svaret. Han hadde ikkje venta at det kom så fort, om det kom i det heile.

I svaret frå Nerdrum gjekk det fram at det var eitt spesielt bilete som gjorde at Furelid kom med, men det stod ingenting om kvifor.

– Det er noko litt rart med det biletet for normalt ryk bileta etter ei veke eller to, men dette biletet hengde i eit par månader før det vart seld. Eg likte det veldig godt sjølv, og det var noko sentimentalt med det biletet som trefte meg veldig, så det var veldig artig at det var akkurat det biletet som gjorde at han hadde lyst å ha meg inn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Furelid

MÅLERIET: Dette var årsaka til at Odd Nerdrum ønskte å ha Rune Furelid i lære hos han.

Foto: Rune Furelid

– Veldig audmjuk

Slik Furelid har forstått det er det svært vanskeleg å få gå i lære hos Nedrum.

– Det er masterstudentar på øvste nivå i USA og Asia som søkjer, folk frå heile verda, og så er det nokre få som får kome inn og jobbe saman med Nerdrum på garden i Stavern, seier han.

Furelid trur læretida vil gi han mykje å byggje vidare på.

– Eg kjenner meg veldig audmjuk for her er det frykteleg dyktige folk rundt meg. Eg er nok etter alt sannsyn den som kan minst av alle som kjem inn, så eg kjem til å lære masse. Eg vil berre gjere alt eg kan for å bidra og gradvis prøve å kome meg opp på deira nivå.

Eg kjenner meg veldig audmjuk for her er det frykteleg dyktige folk rundt meg

Frå hobby til karriere på rekordtid

Han har studert fleire av dei store og kjende kunstnarane, som Rembrandt og Caravaggio. Då skulle ein kanskje ikkje tru at det ikkje er meir enn eit par år sidan Furelid begynte å måle for fullt. Som ferdig utdanna manusforfattar frå Den norske filmskulen ville han ha ein pause for følgje interessa for målinga.

Etter kort tid vart han spurt om å ha utstilling på restauranten Pikant i Førde og gjorde det. Deretter ville Rammeriet Galleri Sør i Førde selje bileta hans. Etter kvart selde han meir og meir, og før jul har salet vore ekstra godt.

– Eg selde alt som var til folk heilt frå Møre til ut i Bulandet. Det har vore heilt fantastisk, fortel han.

Av all respekt for han er det å jobbe med å forstå hans filosofiske tilnærming til kunsten, det minste eg kan gjere

(Artikkelen held fram under biletet)

Odd Nerdrum

VERDSKJEND: Odd Nerdrum er kjend for kunsten sin over heile verda, og det skal vere svært vanskeleg å bli teken inn som elev hos han.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

No har han starta eige firma og byggjer det opp gradvis for inntektene sal av måleria gir han, og arbeidet går føre seg i atelieret i overetasjen i heimen hans i Naustdal.

– Det må utviklast vidare for at eg skulle kunne ha det som levebrød, men det treng å utviklast vidare. Dersom det hadde heldt fram som no så kunne eg levd av det, men det kalkulerer eg ikkje med. Det er ikkje gjort over natta å kunne leve av det.

Førebur seg med å lese filosofi

Korleis det blir på garden i Stavern er han ikkje heilt sikkert på, men slik han har blitt fortalt av tidlegare Nerdrum-elevar er det fleire som er der på same tid og jobbar i lag.

Nervane kjenner eg på, men det hadde vore dumt om eg ikkje hadde dei, for det er dei som driv meg vidare. Det er i det moduset eg lærer aller bes

Furelid reiser til Stavern i februar, men det er usikkert kor lenge han blir. Fram mot avreise førebur han seg godt.

– Eg har nett bestilt Immanuel Kant sitt verk "Filosofen" på 736 sider som eg skal lese før eg reiser. For han har bygd opp mykje av arbeidet sitt på Kant sine filosofiar. Av all respekt for han er det å jobbe med å forstå hans filosofiske tilnærming til kunsten, det minste eg kan gjere.

Han håpar at tida hos Nedrum kan opne nye dører for han, og han ser fram til læretida med skrekkblanda fryd.

– Nervane kjenner eg på, men det hadde vore dumt om eg ikkje hadde dei, for det er dei som driv meg vidare. Det er i det moduset eg lærer aller best.