Hopp til innhold

Snø og kulde i vente - no kjem vinteren!

Etter ein lang og vårleg periode, er det no klart for ei vinterleg veke i fjordfylket.

Skiløype på Langeland

NO KJEM SNØEN: Neste veke kjem det kuldegrader og snø i Sogn og Fjordane. Kanskje kjem det nok til at dei skiglade kan ta seg ein tur. Illustrasjonsfoto

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det ser ut som det går mot vinter, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid hos vêrvarslinga på Vestlandet.

Lite eller manglande snø har ført til problem for fleire skisenter og for arrangørar av vinteridrettar. Snømangelen har også frustrert mange turglade skiløparar som ikkje har fått nyte snøen.

I dag tidleg var det mange i Sogn og Fjordane som vakna opp til ein kaldare morgon enn det har vore i det siste.

– Dagen i dag starta fint med opphaldsvêr, med ein del vind på kysten. Frå i ettermiddag er det venta ein nedbør og den kjem som snø over 400–600 meter. Det blir lågare temperaturar i dag. Dagen startar bra, men sluttar ikkje slik, seier han.

Lågtrykk tek med seg vinteren

Fredag ettermiddag og kveld kjem det inn eit lågtrykk som bevegar seg raskt frå Grønland. Dette bevegar seg fort og Fagerlid seier dette er eit dårleg teikn.

– Det er først og fremst Hordaland og Rogaland som får det stygge vêret, men vi skal ikkje sjå vekk frå at vi får kraftig vind på kysten i Sogn og Fjordane.

Men når vi kjem til søndag, kjem eit lågtrykk som tek med seg vinteren til Sogn og Fjordane.

– Det set standarden for neste veke. Først får vi nedbøren som regn, men etter kvart kjem den som snø i låglandet også, seier Fagerlid.

Varer i alle fall ei veke

Det vil seie at heile neste veke får vi kaldt ver med snø. Fagerlid seier det som ut som det går mot vinter frå måndag.

– Det det ser ut som vi får stabil kulde neste veke. Eg føler det er ganske typisk eigentleg, at vår og vinter har bytta plass på Vestlandet, seier han.

Meteorologisk institutt har ikkje sikre prognosar for lenger fram enn dette, så kor lenge vinteren varer, er førebels uvisst.

– Om vinteren som no kjem varer lenge, er ei anna sak, seier han.