Hopp til innhold

Ni dyr brann inne i fjøs

Store brannmannskap kjempa torsdag føremiddag mot griske flammar i Jostedalen. Ein fjøs med storfe stod i full fyr, og ni dyr brann inne.

Brann i fjøs i Jostedalen

BRANN: Det braut ut brann i fjøsen i Jostedalen torsdag føremiddag. Trass iherdig innsats greidde ein ikkje berge ut alle dyra.

Foto: Frank Smedegård

Alarmsentralen fekk melding om brannen i ein driftsbygning ved Sperle klokka 09 torsdag føremiddag, og sende ut mannskap frå både Luster og Sogndal.

Det var storfe i bygningen, men Alarmsentralen kunne tidleg melde at ein del av dyra var redda ut. Folk frå nærområdet hjelpte til med å berge dyra ut i frisk luft.

– Det er ein del dyr i fjøset, men vi veit no at ein del av dei er komne ut. Det er overtenning, og brannmannskap er komne fram og jobbar med å hindre spreiing, sa dagleg leiar Terje Brandsøy ved 110-sentralen i Florø like før klokka 10.

Klokka 11.30, to og ein halv time etter brannen vart meldt, får NRK opplyst at brannvesenet har full kontroll over situasjonen. Det er ikkje lenger fare for at brannen skal spreie seg til bustadhuset på garden som ligg berre nokre meter unna fjøsen.

Brannfolk på staden driv no med sløkking, og det vil skje ei kontrollert nedbrenning av bygget.

Ni dyr brann inne

Politiet har folk på staden. Ifølgje operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt skal det vere snakk om ein buskap på 29 dyr. Det blir drive mjølkeproduksjon på garden.

Politiet opplyste tidleg at det var snakk om ei rekkje dyr som hadde brunne inne. Klokka 13 har politiet fått fullstendig oversikt.

Det er snakk om fem kalvar, to kyr og to kviger som har brunne inne, opplyser Holme ved operasjonssentralen.

Seks personar vart sende til legesjekk etter å ha pusta inn røyk i samband med brannen. Ifølgje politiet skal ingen vere alvorleg skadde. Tre av desse vert haldne til observasjon, får NRK opplyst av politiet.

Det er førebels for tidleg å seie noko om årsaka. Politiet vil etterforska dette vidare.

(Artikkelen held fram under)

Nedbrent uthus i Jostedalen

TOTALSKADD: Uthuset var ikkje til å berge, men våningshuset på garden vart spart.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Jobbar for å hindre spreiing

Eit våningshus, fleire bilar og ein traktor stod like i nærleiken av fjøsen som stod i brann.

Brannvesenet jobba på spreng for å hindre at flammane skal sluke også desse.

– Mannskapa på staden jobbar å hindre spreiing, seier Brandsøy til NRK.no like før klokka 10.

Trur dei greier berge våningshuset

Like før klokka 10.30 sa Brandsøy at mannskapet på staden såg ut til å greie å berge våningshuset på staden.

– Men det har gått med ein traktor som stod i nærleiken. Brannvesenet har også greidd å berge ein ny traktor og ein ny bil, seier han.

Brannen har teke overhand på fjøsen, og Brandsøy seier det truleg ikkje går å berge bygget.

– No jobbar ein med å avgrense skadane der ein eventuelt kan avgrense dei, sa Brandsøy om innsatsen på staden i 10.30-tida.

Så langt han har fått melding skal det ikkje vere fare for spreiing til terrenget.

Helsepersonell vart også sende til staden. Mattilsynet vart raskt varsla og hadde folk på staden.

(Artikkelen held fram under)

Driftsbygning i full fyr i Jostedalen i Luster

I FULL FYR: På kort tid stod driftsbygningen i full fyr.

Foto: Frank Smedgård

Såg røykskya lang veg

Frank Smedegård bur lenger inne i Jostedalen, og var på veg ut av dalen då han vart merksam på brannen.

– Eg kom køyrande og skulle ut av dalen, då eg såg ei røyksky lang veg. Då eg kom fram såg eg den gamle delen av driftsbygningen stå i full fyr, seier Smedgård til NRK.no.

Han stogga bilen og vart vitne til at fleire personar sprang inn og ut av bygningen for å berge ut dyra som var i den. Etter kvart måtte dei gje seg på forsøket.

– Fokuset vart etter kvart å få ut dei folka som prøvde å berge ut dyra, slik at dei ikkje gjorde seg skade, seier Smedegård.

Brann i området ved Sperle i Jostedalen

HAR BERGA UT DYR: Ein del av dyra i fjøsen skal vere berga ut.

Foto: Kart