NRK Meny
Normal

Nekta å fortelje kven han er

Ein mann i midten av 20-åra kan venta seg ei bot etter at han i går nekta å fortelja politiet kven han er.

Politiet ville notera mannen som vitne, men han ville ikkje oppgje personalia.

Han hadde då vore vitne til det politiet kallar ei trafikkhending, utan at dei vil utdjupa kva det inneber. Episoden skjedde i Sogndalsdalen litt før klokka ni onsdag kveld.

Mannen måtte vera med til politistasjonen, og kom ikkje derifrå før politiet fann ut kven han er.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser