NRK Meny
Normal

Måtte ordne opp i slåsting, høg fart og skadeverk

I Sogndal, Florø og Eid måtte politiet i natt ordne opp etter bråk.

Politi

TRAVELT: Politiet måtte ordne opp etter bråk og uro fleire stader i fylket natt til søndag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Like før klokka 02 natt til søndag vart ei vakt ved ein serveringsstad i Sogndal slått til av ein mann i 40-åra. Saka blir meld til politiet. Ein time tidlegare reiste politiet i Sogndal ut til sentrum for å køyre ein overstadig mann i 50-åra heim.

I Florø vart ein person pågripen av politiet etter ruteknusing. Mannen i 20-åra har erkjent at han står bak ugjerninga, og blir meld for saka. Mannen vart også vist vekk frå sentrum.

Når klokka nærma seg 03 gjekk det heitt føre seg på Nordfjordeid. Då vart det meldt om tilløp til slåsting ved ein serveringsstad, skriv politiet i sin logg. Det er uklart om det blir politisak av denne hendinga.

Stogga i for høg fart

Før midnatt tok politiet i Førde turen til ein ungdomsfest på Haugum, der dei bad arrangørane av festen om å dempe musikken og late att dører og vindauge slik at andre ikkje vart forstyrra.

Laurdag kveld hadde utrykkingspolitiet fartskontroll på E39 ved Farsund i Førde, der fekk åtte bilførarar forenkla førelegg. Høgste målte fart var 76 km/t. I løpet av natta var det også promillekontroll på E39 på Byrkjelo. Der vart elleve bilførarar kontrollerte, og ingen blest raudt. Ein førar dekk derimot gebyr for ikkje å ha teke med seg førarkort på køyreturen.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.