Hopp til innhold

Ung narkodealer må sone fengselsstraffa

Sunnfjordingen i 20-åra bad Gulating lagmannsrett om samfunnsstraff for narkotikalovbrota. Det fekk han ikkje.

Gulating lagmannsrett

ILLUSTRASJON: Gulating lagmannsrett avviste anken frå sunnfjordingen som ville ha samfunnsstraff for narkotikasalet.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Mannen vart i november i fjor dømd til fengsel i 120 dagar for omgang med 500 gram hasj, samt sal av 100 gram. 30 dagar var utsett med prøvetid på to år.

Samarbeidde

Då lagmannsretten nyleg fekk anken på bordet, meinte fleirtalet at dette var ei rett straff for lovbrotet. Sjølv om mannen var ung, at han erkjende lovbrota og samarbeidde med politiet etter pågripinga.

Mellom anna gav han politiet informasjon dei elles ikkje ville fått i saka.

Mannen bad lagmannsretten vurdere samfunnsstraff. Han er no i fast arbeid og har brote både med narkotikabruken og narkotikamiljøet sidan pågripinga i 2013.

– Bagatelliserte

Påtalemakta meinte på si side at det ikkje var tale om noko rehabiliteringssituasjon, då mannen berre sporadisk brukte narkotika. Det vart også vist til at sunnfjordingen fekk tilbod om tilståingsdom, men ikkje samtykka til dette. Dette forklara noko av liggetida til saka.

Samstundes representerte omsettinga i stor spreiingsfare og påtalemakta meinte mannen bagatelliserte si eiga rolle.

Stor spreiingsfare

Mindretalet, ein lagdommar, meinte 120 timar samfunnsstraff var passande. Fleirtalet slutta seg derimot til tingretten si grunngjeving og vurdering, og landa på dei same argument som påtalemakta då dei avviste anken.

Som tingretten poengterte at narkotikaen som var omsett, og var tenkt omsett til mange brukarar, representerer ein spreiingsfare i lokalmiljøet.

– Det handlar om sal av hasj til mellom andre ungdom, medan domfelte sjølv ikkje har vore avhengig av narkotika, skriv lagmannsretten.