Hopp til innhold

Mykje vatn på vegane

Den store nedbøren fører til mykje vatn på vegane i fylket. Vegvesenet ber folk køyre forsiktig.

SISTE KL 16: Både vegen mellom Askvoll og Førde og vegen mellom Hyen og Sandane er no opna igjen.

– Det renn sjeldan mykje vatn over vegane våre i dag. Dette gjeld heile fylket, også i dei indre delane, som i til dømes Årdal. Så folk må ta det med ro, seier Kjetil Molvær ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Som kjent har NVE sendt ut eit varsel om fare for jord- og flaumskred. Varselet er på gult nivå og gjeld i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Grunnen er at det er meldt om opp til 100 millimeter nedbør utsette stadar i Sogn og Fjordane dette døgnet.

Dette gjer seg utslag på enkelte vegar.

– Fylkesveg 609 ved Heilvang er stengd på grunn av mykje nedbør og fare for ras. Det har ikkje gått ras der enno og vurderinga klokka 12 er utsett til klokka 15, seier Molvær.

Stengt

På fylkesveg 615 ved Devik mellom Storebru og Sandane er det gått ras i to meters høgde og 20 meters breidde. Hjullastar er på veg og vegvesenet reknar med å opne vegen cirka klokka 13.30.

– Ved Aven mellom Lavik og Vadheim er det mykje vatn no. Det same ved riksveg 60 mellom Innvik og Stryn, og på riksveg 15 opp mot Strynefjellet, seier Molvær.

Fylkesveg 1 Instefjord–Brekke, på strekningen Instefjord–Rutledal, er også mellombels stengd på grunn av fare for ras, melder vegvesenet.