NRK Meny
Normal

Stakk frå politiet i 171 km/t

Ein motorsyklist som vart målt i 171 km/t stakk frå politiet under ein kontroll ved Almenningen i Vågsøy kommune.

Politiet har leita etter motorsyklisten, utan hell.

– Vi har søkt etter han heilt frå Nordfjordeid til Almenningen utan spor, fortel operasjonssjef Ole Tom Nord ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var ein blå racingsykkel og føraren hadde stor jakke og ein ryggsekk med kvitt mønster.

Politiet ber publikum om tips i saka.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå