NRK Meny
Normal

Operaen kan få eigne telefon-rader: «Mobilbruk plagar folk i salen og er respektlaust»

Operasjef på Nordfjord, Kari Standal Pavelich, har sett seg lei på forstyrrande mobilbruk under konsertar og framsyningar. No vurderer ho eigne rader for dei som ikkje klarer leggje frå seg telefonen.

Kari Standal Pavelich

LEI: Operasjef Kari Standal Pavelich kallar det respektlaust at mobilbrukarar forstyrrar publikum under framsyningar

Foto: Erlend Blålid Oldeide/Colourbox illustrasjon

– Ein lysande skjerm åleine er sjenerande i ein mørk sal. Når mange skjermar kastar lys er det svært forstyrrande. Det er ein uting, seier Kari Standal Pavelich

Operasjefen har vore involvert sidan oppstarten på Opera Nordfjord. I takt med aukande bruk av smarttelefonar dei siste åra, har ho merka aukande bruk under framsyningar av ulike slag.

– Ja, det vil eg seie. Det er låg terskel for å bruke mobilen, seier Pavelich.

Ho er ikkje nådig i kritikken av mobilbrukarane.

– Det er mangel på respekt for andre som er på konserten. Det høyrer ingen plass heime. Lyset forstyrrar publikum bak og på sidene, og lysmannen bakarst i salen. Det skjemmer framsyninga og skaper irritasjon i salen.

Har fått klager

Pavelich har sjølv kjend på den irritasjonen

– Eg tykkjer det er veldig forstyrrande når eg sit som publikum på konsertar eller andre framsyningar, og har ei rekkje lysande skjermar framføre meg, seier ho.

Men tankane hennar omkring mobilbruk ikkje berre er basert på eigne erfaringar. Publikum har også gjeve beskjed.

Kari Standal Pavelich

«TWITTER-RAD»: Styret bør vurdere ei mobilsone for å spare publikum for plager, seier operasjefen.

Foto: NRK

– Vi har fått tilbakemeldingar frå publikum som har vorte forstyrra av skjermar som er oppe og lyser over tid. Så vi har fått klager frå publikum, seier Pavelich.

Mobilbruken og klagene kjem til trass for at dei før framsyningar opplyser om at det ikkje er lov og er sjenerande for sidemannen. Operasjefen kan ikkje forstå kvifor folk skal bruke telefonen

– Nå du har kjøpt billett til ei framsyning, reknar eg med at framsyninga er grunnen til at du er der. Eg kan ikkje skjønne at det er noko som brenn slik at ein må sjekke meldingar, e-post og nyhende inne i salen, seier ho.

Vurderer ei «Twitter-rad»

Men sidan det først er slik at folk brukar telefonen, vurderer dei no ny, original løysing: å flytte dei «uskikkelege ungane» bakarst i klassen.

– Kanskje bør vi ha ei eller to twitterrader heilt bak i salen, slik at dei som har lyst å twitre kan gjere det. Då kan dei berre forstyrre seg sjølve. Det kan kanskje vere ei løysing på problemet, og noko vi kunne ha prøvd ut, seier ho.

Ideen kom på under ein diskusjon på eit møte med ein annan kulturinstitusjon i fjor. Og ho ser også andre fordelar med ein lysfri sal med ei eiga «Twitter-rad».

– Nokre folk berre «må» sjekke heile tida, og alltid vere online. Men det må gå an å komme seg gjennom ei framsyning utan å sjekke mobilen.

Tor Uglum, kinosjef

– Dersom det er første eller andre framsyning i ei lang rekkje, kan det vere god reklame om folk nyttar sosiale medium til å fortelje kvar dei er og kva dei tykkjer, seier Pavelich.

Føresetnaden er at det ikkje forstyrrar andre i salen. Ho seier dei då må reservere radene for folk som vil bruke telefonen.

– Vi bør ta ein diskusjon på det. Kanskje kan vi prøve ei eiga twitter-rad bakarst på ei framsyning på operaen til hausten, for å sjå om det fungerer. Det er ein artig tanke.

Trur folk vil lære

Tor Uglum seier mobilbruk ikkje er eit stort problem i kinosalen. Men kinosjefen i Sogndal ser at det kan plage folk.

– Det kan vere sjenerande at folk driv å sjekkar mobilen heile tida. Lyset på skjermane har vorte veldig sterkt etter kvart, seier Uglum.

Han seier det bør vere mogleg å gå eit par timar utan telefon.

– Nokre folk «må» sjekke heile tida, og alltid vere online. Men eg tenkjer det må gå an å komme seg gjennom ei framsyning utan å sjekke mobilen. Det brukar å gå greitt for meg.

Han har likevel tru på det vil ordne seg.

– Då mobilen var ny opplevde vi at folk sat i salen og prata i telefon. Det skjer ikkje lenger, fordi folk lærte å ta omsyn til sidemannen. Vi får håpe det same skjer med smarttelefonar.

– Eg trur ikkje folk tenkjer over at det påverkar dei som sit bak og på sida når dei har mobilen oppe heile tida.

Operasjef Kari Standal Pavelich er samd.

– Folk meiner det ikkje vondt, men dei tenkjer ikkje over konsekvensane. Dei tenkjer «eg sit her på mitt litle sete, det er mørkt i salen, og det gjer sikkert ikkje noko om eg berre sender ei lita melding». Men det er veldig, veldig synleg for alle, seier Pavelich

Fram til ei eventuell mobilsone bak i operasalen er klar, manar ho til fornuft.

– Det generelle publikummet, på alle typar framsyningar, bør tenkje litt meir over eigen mobilbruk, og korleis det kan påverke andre i salen. Dei bør rett og slett ta omsyn, vere høflege og ikkje plage dei som sit bak eller ved sida, seier operasjefen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.