Miste livet i krafttunnel

Ein person i 50-åra miste i natt livet i ei trafikkulukke i ein krafttunnel ved Lunde i Kjøsnesfjorden.

Kjøsnesfjorden Kraftverk

Det var i krafttunnelen ved Lunde i Kjøsnesfjorden ulukka skjedde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Miste bremsene

Det var under arbeid tre kilometer inne i krafttunnelen at ulukka skjedde.

- Ein lastebil på veg ned miste bremsene og køyrde i fjellveggen, opplyser operasjonleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Brann, politi og helikopter

Politiet fekk melding frå AMK om at det hadde skjedd ei ulukke rett etter klokka to natt til tysdag. Det vart kalla ut mannskap frå brann, politi og ambulansehelikopter til staden.

Men livet til mannen stod ikkje til å redde.

Får hjelp

Politiet får i dag hjelp frå trafikkuhellsgruppa til Statens vegvesen som er på staden for å undersøke kva som har skjedd.

Tunnelen der ulukka skjedde vert berre brukt til anleggstrafikk, og er ein del av Kjøsnesfjorden kraftverk som skal stå ferdig neste år.