NRK Meny

Mindre omsetnad, men tilset fleire

Brødrene Aa omsette for 40 millionar kroner mindre i fjor enn året før, men dagleg leiar Tor Øyvin Aa, seier til Firda at han er godt nøgd. – Vi må ikkje gløyme at 2014 var eit skstremt godt år. Verftet i Hyen hadde eit resultat før skatt på vel 11 millionar kroner i fjor. I år er det tilsett 15 nye arbeidarar ved Brødrene Aa, som no er oppe i mellom 140 og 150 tilsette.