Erling Sande
Stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet er godt fornøgd med auken.
- Dette er utruleg viktig for Sogn og Fjordane Teater. Regionteatret turnerer ein god del, og trong økonomi vil gå ut over reiseverksemda, seier Sande i ein kommentar til avisa Firda.
I tillegg vil regjeringa auka løyvinga til Bokbyen Fjærland med 100 000 kroner.