- Skurkar snakkar nynorsk, medan heltane snakkar bokmål

Anne-Mette Hjelle tykkjer det er påfallande at skurkane og dei dumme i filmen «Dragetreneren» snakkar nynorsk, medan heltane snakkar bokmål.

Hjelle og drage

FRUSTRERANDE: Anne-Mette Hjelle trur det gjer nok med ungdom dersom dei gong etter gong høyrer seie eiga dialekt brukt av 'dei dumme' i filmar.

Foto: Montasje

« Velkommen til draketrening! I dag skal de lære å slåst mot dragar.»

Familiefilmen «Dragetreneren» tek for seg ei mystisk verd med tøffe vikingar og flammepustande dragar. I den norske versjonen av animasjonsfilmen frå 2010 snakkar alle vikingane dialektar frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Heltane snakkar austlandsk

Men heltane i forteljinga, dei to yngste i vikingfamilien, Hikken og Astrid, snakkar nemleg austlandsdialekt.

Anne-Mette Hjelle sat heime og såg filmen med borna sine då ho oppdaga at dei nynorske replikkane var delt ut til skurkar, dei dumme vikingane som slåst mot drakane i staden for å temje dei.

– Eg tenkte at dei som var litt gammaldagse, trauste, dumme og litt einfaldige, dei snakka slik som eg gjer. Medan dei kule og kloke, helten og heltinna, dei snakka bokmål, seier Hjelle.

Ikkje første gong ho opplever slikt

Dess meir ho såg av filmen, dess dårlegare likte ho det heile.

– Eg sat og kjende på at dette blir litt dumt. Så spurte eg sonen min på 10 år om han reagerte på det, men det gjorde han ikkje, men det gjorde altså eg, seier Hjelle.

Ho fortel at det slett ikkje er første gongen ho opplever at det nettopp er skurken eller klossmajoren i filmen som snakkar same dialekt som henne.

Trur det gjer noko med borna

– Viss du ser dette mange nok gonger over fleire år, så trur eg det gjer noko med deg. Så kan vi kanskje bli skulda for å vere humørlause, strenge og alvorsame. Men eg trur det gjer noko med borna mine å sjå norsk film og barne-TV der deira eigen dialekt kjem i dårlege roller, seier Hjelle, som tykkjer dette er synd.

Skodespelar og instruktør Johannes Joner, som har valt dei norske stemmene til filmen, kjenner seg ikkje att i kritikken, og forklarer dialektskilnadene i filmen som grep for å skilje i alder og tid.

– Ungdommen har fått ein meir urban tone, det er det som er saka, seier Joner.

Han fortel at han såg på austlandsdialekten som meir passande til å få fram kontrastane mellom den unge og den eldre generasjonen.

Eit middel for å syne tid

– Det er meir fortid og framtid dette handlar om, seier Joner, og held fram at han er ein ivrig dialektforkjempar.

– Eg vil gjerne at det skal komme fleire dialektar inn i dubbing, så eg blir litt lei meg når det blir oppfatta som at den eine er helt og den andre ikkje er det. Det er iallfall ikkje det som er meininga, seier Joner.

Johannes Joner og Erling Strøm

LITT TRIST: Johannes Joner, som har plukka stemmene som dubbar filmen, er eigentleg ein dialektforkjempar og tykkjer det er trist å bli skulda for det motsette.

Foto: Erik Baanerud / NRK

Han understrekar samstundes at han er heilt medviten på at han ønskjer å nytte flest mogleg dialektar i dubbinga av filmar.

– Det at vi no har fått eit mykje større mangfald av dialektar gir mykje meir variasjon, innhald og dynamikk, og mange flotte stemmer inn i norsk dubbing. Så eg trur det blir meir og meir av det, seier Joner.

Etterlyser medviten tankegang

Hjelle er derimot ikkje heilt overbevist.

– Eg trur det er mykje medvitsløyse kring dette. Eg trur Joner sikkert tykkjer dette var morosamt, og han tykkjer sikkert ikkje det er morosamt at eg reagerer på det, seier Hjelle.

Ho etterlyser ein meir medviten tankegang kring korleis ein fordeler rollene.

– Det var ganske tøff nynorsk, men som sagt, det var dei dumme, trauste og kjedelege typane som brukte det. Eg trur at born og ungdom som ser dette gong på gong vil lage seg eit inntrykk av folk som snakkar på denne måten, og dei vil møte den kulturen og dei folka på ein måte som dei kanskje ikkje tenkjer over kjem frå noko slikt, seier Hjelle.

Kva meiner du? Diskuter saka i kommentarfeltet under.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.