NRK Meny

Måtte i arresten etter valdsbruk

Ein mann i 30-åra vart i 01-tida natt til fredag arrestert og sett i arresten etter melding om utøvd vald i eit hus i Florø. Ei kvinne i 30-åra vart frakta til legevakta, og vidare til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget er førebels ukjent. Det var ingen andre til stades i huset då dette skjedde. Politiet håpar å få avhøyrt partane i løpet av fredag. Saka vert vidare etterforska.