Hopp til innhold

Suppe som smakar supert

Ei varm, god fiskesuppe står på menyen ein kald vinterdag i Sogn og Fjordane. I NRK sin nye fredagsserie "Mat med Steinar og Gro" får du gode mattips til helga.

"Mat med Steinar og Gro" blir fast serie fredagane framover.

METTAR: Ei god fiskesuppe varmar godt ein kald vinterdag. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland. Musikk: Karl Seglem.

– Fiskesuppe smakar godt både til kvardag og fest. Kvifor ikkje lage den ein laurdagskveld med gjester rundt bordet, seier Lindstrøm. Fiskesuppe og brød er god festmat.

NRK-kokk Steinar Lindstrøm har henta fisk frå Førdefjorden. Det er ei god råvare, både som kraft og som ein smakfull ingrediens i sjølve suppa. Dersom du ikkje har fiskeavskjær og bein, går det an å jukse litt. Ei god fiskefond, kjøpt på butikken, er eit godt alternativ. Du kan og bruke buljongterningar.

Fløyte, crème fraîche, finkutta grønsaker og fisk skaper flotte fargar og himmelske smakar. Oppskrifta får du her:

Steinar og Gro

SVOLTNE: Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad.

Foto: Alf Vidar Snæland

FISKESUPPE:

Til god fiskekraft treng du:

– 1 kg ferske fiskebein og avskjær

– Gulrot, løk, selleri og purreløk

– 2 l vatn.

Først kokar du opp fiskebeina, så skummar du av og tilset grovskorne grønsaker. Vidare skal krafta trekke (eller småkoke) 40–45 min. Dersom krafta kokar lenger vil du få ein dårlegare smak.

Til 1 l kraft brukar du ca. 50 g. smør og 40 g kveitemjøl som fresast kvitt i panna. Tilsett den kokande krafta og la det koke ca. 30 min. Bruk litt fløyte og crème fraîche til å få fram fylden i suppa. Smak til med salt og pepar.

Som garnityr i suppa kan du bruke strimla grønsaker (gulrot, rotselleri, purreløk, fennikel). Legg finstrimla, rå fisk og grønsaker i ein suppetallerken og små over glovarm suppe. Brød og flatbrød smakar godt til.

Høyr også "Mat med Steinar og Gro" i ettermiddagsendingane på fredagar og i nettradioen vår.