Rekordmange frå fylket skal gå Birken

Martin Hegrenes (20) frå Førde er ein av 227 frå Sogn og Fjordane som skal gå Birkebeinerrennet i helga.

Martin Hegrenes på Birkebeinerrennet

KLAR: Martin Hegrenes (20) er klar til det 54 kilometer lange Birkebeinerrennet på laurdag.

Foto: NRK

Langrennsløparar i alle aldrar gjer seg i desse dagar klare til årets store manndomsprøve. Arthur og sonen Martin Hegrenes har gjort dette til eit familieprosjekt; faren er smørjar og sonen skal ha ski på beina.

Løpet er på laurdag, og over 16.000 løparar skal gå det 54 kilometer lange rennet.

– Formen er bra

Arthur Hegrenes

SMØRJAR: Arthur Hegrenes skal vere skismørjar på Birken.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det verkar som om formen er ganske bra, så eg håpar eg skal klare å gå rennet på rundt tre timar. Men dersom det skal gå, må eg gå jamt heile vegen, seier 20-åringen frå Førde og legg til:

– Det gjeld å ikkje opne for fort. Då blir dei siste milene tunge, seier Martin.

Medan han ladar opp til fysisk påkjenning, tek pappa Arthur det litt meir med ro.

– Eg ladar ikkje opp så veldig for å seie det slik. Men vi får ein travel dag på fredag når vi skal smørje skiene, seier Arthur som skal smørje skiene til folk over heile landet.

Her kan du sjekke om naboen er med:

Birkebeinarar frå Sogn og Fjordane (Excel-fil)

Ekstra motivasjon i trening

Høgskulelektor Christian Frøyd ved idrettsseksjonen på Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier det er flott at så mange vil gå det 54 kilometer lange skirennet.

– Det er kjempefint at så mange trenar og konkurrerer. Det er veldig bra. Ein bør helst ha trent eller gjennomført ein slik distanse tidlagere, slik at det ikkje kjem som eit sjokk, seier Frøyd.

Han seier ein bør ha trent langrenn to til tre gonger i veka dei siste månadane dersom ein skal klare å gå rennet.

– Viss ikkje kan det komme både fysiske og psykiske komplikasjonar undervegs. Det kan vere ein ekstra motivasjon i treninga å vere med i ein mosjonistkonkurranse, seier Frøyd.

– Enkelte strekker strikken langt

Frøyd har tidlegare arbeidd på Olympiatoppen og på Norges Idrettshøgskule. Har har jobba mest med uthald og korleis kroppen reagerer på trening.

– Det er bra at mange er i fysisk aktivitet, men enkelte strekker strikken litt vel langt. Men eg trur det er få her i fylket som tyner kroppen like langt som toppidrettsutøvarar gjer, seier Frøyd.