Hopp til innhold

Manuell dirigering på riksveg 15

Ein bil har køyrt i grøfta ved Langesetvatnet på riksveg 15 i Stryn, for deretter å hamne på taket i eit køyrefelt. Det er 80-sone på strekninga. To personar var i bilen, begge skal ha kome seg ut av bilen og er medvitne, melder Vest politidistrikt. Den eine personen blør frå ei hand, elles er skadeomfanget ukjent. Naudetatane er på staden, og dei to får tilsyn av helsepersonell. Trafikken passerer i eit køyrefelt med manuell dirigering. Bergingsbil er rekvirert.