Advokat Louis Anda i Sogndal er no hyra inn for å forsvare 26-åringen. Forklaringa hans kan ha gitt den drapssikta somaliaren tida han trengde til å forlate landet. Politiet er svært unnvikande på spørsmål om mannen no er sikta for falsk forklaring.
Heldt fast på forklaringa
NRK snakka i går kveld med den 26-åringen som no er pågripen og sikta for å ha gitt falskt alibi til den drapssikta somaliaren. Han fastheldt då at han hadde sett den sikta 35-åringen på same tid som politiet meiner den sikta var saman med Hedda Karterudseter. Då NRK kontakta 26-åringen i dag, fortalde han at han var hos politiet. I følgje kollegaen har han ikkje møtt opp på jobb i dag.
Trappar ned i helga
35-åringen som er sikta for drapet er enno ikkje pågripen. Han er etterlyst både nasjonalt og internasjonalt. På eit orienteringsmøte torsdag ettermiddag sa politiet svært lite om den vidare etterforskinga. Dei vil heller ikkje kommentere om dei har fått svar på DNA-funn på åstaden. Politiet kjem til å trappe ned etterforskinga i helga.