Hopp til innhold

Mann måtte hentast ned frå Hafstadfjellet

Ein mann gjekk seg skårfast på Hafstadfjellet i Førde søndag kveld. Han er no henta ned med helikopter.

Leiteaksjon i Førde

TRENG HJELP: Helikopter blei sendt til området for å hente ut mannen.

Foto: NRK.no-tipsar

– Han blir flogen til sjukehuset for ein legesjekk. Han er ganske kald, men skal elles vere uskadd, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Mannen i slutten av tenåra skal ha kome utfor stien i Hafstadkleiva og ikkje funne vegen ned att. Det er bratt i området og det snøar.

Politiet fekk melding frå mannen kl. 18:51. Eit redningshelikopter blei sendt til staden for å prøve å hente han ut.

– Vi har kontakt med mannen og helikopteret har lokalisert han. Vi veit enno ikkje om helikopteret klarer å heise opp mannen eller om vi skal hjelpe han frå bakken, sa Sætre til NRK kl. 20.

Klokka 20:20 opplyste politiet at ein redningsmann er firt ned for å ta med mannen ut av området. Like etter kom beskjeden om redningsaksjonen var over og at mannen var teken med til sjukehus.

Leiteaksjon i Førde

HAFSTADFJELLET: Den mykje brukte turstien Hafstadkleiva er opplyst om kvelden.

Foto: Gro Ravnestad / NRK