Operasjonsleiar Kjell Tore Årnes seier mannen var medviten, men sterkt nedkjølt då dei fann han.
Redda av fiskar
Det var ein fiskar som melde frå om ein drivande båt vest av Byrknesøy og nord for Sauøyane.
- Han melde ifrå kjapt, og vi sette i gang aksjonen med det same. Båten vart funnen med motoren i gang i 16.30-tida, men utan folk om bord. Det seier operasjonsleiar Kjell Tore Årnes ved Hordaland politidistrikt.
Heltedåd av fiskar
Årnes seier at hadde det ikkje vore for den raske reaksjonen til fiskaren, så kunne utfallet vorte eit heilt anna. Mannen vart oppdaga i sjøen ved hjelp av eit varmesøkjande kamera i luftambulansen. Han vart plukka opp av redningsskøyta Utvær, eit godt stykke frå båten som då stod i land.