Hopp til innhold

Manglar ein tredel av dei tilsette i dag

Eit snøskred sperrar tysdag fylkesveg 615 mellom Osmundnes og Holmen i Gloppen. Det får store konsekvensar for skipsverftet Brødrene Aa i Hyen.

Brødrene Aa i Hyen

KJEM SEG IKKJE PÅ JOBB: 40 tilsette ved Brødrene Aa i Hyen kjem seg ikkje på arbeid på grunn av snøskred.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Skipsverftet i Hyen har 130 tilsette, på grunn av snøskredet på Hyenstranda er det 40 tilsette som ikkje kjem seg på jobb.

– Det merkast godt, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa.

Ein geolog skal i løpet av føremiddagen gjere ei vurdering av når vegen kan opnast.

Tor Øyvin Aa

MANGLAR TILSETTE: Tor Tor Øyvin Aa, er dagleg leiar ved Brødrene Aa

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Er 40 tilsette vekke heile dagen, så utgjer det 300 arbeidstimar. Det betyr arbeid som vi ikkje får gjort i dag, og som vi må ta inn igjen seinare.

Kjent rasområdet

Raset som gjekk i går kveld har gått i det som blir kall Jonsoksvora, eit kjent rasområde. Statens vegvesen har antyda at vegen tidlegast kan bli opna tysdag klokka 12. Aa meiner at i dette tilfellet kunne dei ha starta ryddinga før.

– Eg har forståing for at dei tenker på tryggleiken, men når raset i Jonsoksvora går om våren så er fjellsida reinska, og det er ikkje fare for nye ras.

– Så du meiner dei berre skulle ha starta ryddinga med ein gong?

– Ja, no er det lyst ute, og det er ikkje noko problem å sjå om det skulle kome noko meir, noko vi ikkje trur skjer, så vi meiner at no kunne ein rydda og opna for trafikk igjen.

Aa understrekar at dei er svært nøgde med det arbeidet som er blitt gjort for å trygge vegen, og seier at dei berre ein gong tidlegare i vinter har opplevd at vegen har vore stengd.