Hopp til innhold

Mange avhøyrde etter kyrkjebrann

Politiet har avhøyrt kring 30 personar etter eldspåsetjinga ved Sør-Vågsøy kirke førre helg.

Døra på kyrkja har fått skader av brannen

FORSØKT BRENT NED: Sør-Vågsøy kirke i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik

Ingen har sett sjølve eldspåsetjinga. Spor på staden viser at det vart nytta tennvæske då inngangsdøra vart tent på.

Flammane slo oppetter kyrkjedøra

– Vi har fått kartlagt mykje av rørslene i Måløy sentrum den aktuelle kvelden og natta, men vi har ingen mistenkte i saka, opplyser Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor.

Det var like etter midnatt natt til laurdag 4. juli at den automatiske brannvarslinga i kyrkja vart utløyst. Alarmen er kopla rett til Alarmsentralen i Florø, men den første telefonen til 110 kom berre få minutt etter frå ein nabo som såg opne flammar frå kyrkjedøra.

Då brannmannskapa etter kort tid kom fram, hadde brannen godt grep om kyrkjedøra. I tillegg var det mykje røyk inne i kyrkja som har fått røykskadar.

Framleis har politiet ingen vitne til sjølve eldspåsetjinga der det var brukt tennvæske ved inngangspartiet, men fleire har meldt seg for å informere om at dei har vore i området.

Ber om fleire tips

Bakke seier politiet framleis er svært interessert i tips i saka.

– Viss det er nokon som trur dei har noko dei kan bidra med, er vi veldig takksame om dei ringjer oss.

Særleg er politiet interesserte i å få vite om einkvan saknar tennvæske frå garasje, uthus, kjellar eller liknande.

– Vi er også interessert i fleire opplysningar om personar som har vore i området rundt kyrkja i det aktuelle tidsrommet litt etter midnatt.

Tips i saka kan ringast inn til politiet på telefon 02 800.