Mané tilbake til norsk fotball

Tidlegare Sogndal-favoritt Malick Mané vender tilbake til norsk fotball. Ivorianaren har siste tida vore utlånt frå svenske IFK Göteborg til ein australsk klubb. Neste år spelar han for Sogndal sin 1. divisjonskonkurrent Hønefoss. Mané spelte to sesongar i Sogndal før han i mars i år vart seld til IFK Gøteborg.