Hopp til innhold

Måløybedrift satsar i USA

Videokonferanseselskapet vil femdoble seg innan fem år, trur eigarane.

Øyvind Reed

FRÅ BOSTON: Dagleg leiar Øyvind Reed har eit arbeidsår i Boston for å etablere Måløyverksemda i USA. Men med videokonferanse er det lett å halde kontakten med hovudkontoret i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Etter kvart som vi veks ser vi at vi har behov for fleire plassar og større mogelegheiter, seier administrasjonsleiar Monika Refvik som snart må utvide lokala til bedrifta i Måløy.

IT-verksemda Videonor sel videokonferansetenester til private og offentlege aktørar. Selskapet har vekse år for år og omset for 16 millionar kroner, har 20 tilsette frå åtte land der vel halvparten er i Måløy.

Tilset medarbeidarar i Boston

No har Måløy-verksemda starta avdelingskontor i Boston i USA. Alt har dei tilsett folk, og reknar med å ha sju amerikanarar på lønslista før jul.

– Det er det vi jobbar mot dag for dag for å gjere bedrifta global, seier dagleg leiar Øyvind Reed som er halvvegs i eit heilt arbeidsår som han tar i USA for å få satsinga opp å gå.

Målet til Videonor er å vekse frå 15 til 100 millionar i omsetning innan fire til fem år.

Nye argument viktige

Videonor har vel 30 prosent av marknaden for videokonferansetenester i Norge. Kundane er verksemder som treng å ha ekstra god kvalitet på løysingane.

Dei tunge argumenta for videokonferansar har vore å kutte reiseutgifter og spare miljøet, men Reed seier andre salsargument er i ferd med å bli vel så viktige.

– Det som vi ser er at motiva endrar seg litt, det klassiske med å spare flyreiser og liknande er ein ting, like interessant er det å få verksemdene til å fungere best mogleg, det å få gjort meir med mindre folk.

Godt mottekne i USA

Boston er i amerikansk samanheng rekna som austkysten sitt svar på berømte Silicon Valley i California innan IT. Der finst nokre av verdas beste marknadsførarar av datautstyr og programvare.

Men gründerverksemda frå Nordfjord har blitt godt mottekne.

– Det er veldig positivt. Amerikanarane har god tradisjon for å ta imot folk som vågar å satse, seier Reed.

Øyvind Reed og Videonor

SATSAR I BOSTON: Dagleg leiar i Videonor, Øyvind Reed, har fått god mottaking i USA.

Foto: Thomas Bickhardt