Hopp til innhold

Makta ikkje å stoppe

Tre personar er køyrde til legesjekk etter eit trafikkuhell på riksveg 5 i Førde.

Trafikkulykke på Hornnes i Førde

STORE SKADER: Den eine bilen fekk fronten smadra i ulykka. Den andre, ein elbil, fekk mindre skader i bakparten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Joakim Malterud

RASKT PÅ STADEN: Alle naudetatane vart raskt på skadestaden like aust for Førde sentrum. Bak innsatsleiar Joakim Malterud ser ein elbilen som vart påkøyrt bakfrå.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ser ikkje ut til å vere alvorleg. Ein bil som var på veg frå Førde, stoppa for å køyre av ned til Steinknuseriet. Så har den andre bilen køyrt i bakfrå, opplyser politiet sin innsatsleiar på staden, Joakim Malterud.

Politiet fekk melding like før klokka 09 tysdag føremiddag. Ulykka skjedde like før det ulykkesbelasta Bergum-krysset på Hornnes i Førde. Alle naudetatane rykte ut.

Vegen er open for trafikk.

Laster Twitter-innhold

Saka blir oppdatert.

Hornnes i Førde