Hopp til innhold

Må truleg betale 16 millionar

Stiftelsestilsynet med base i Førde tapte for tredje gong ein årelang tvist med stiftelsen Lise og Arnfinn Hejes fond. Dersom dommen frå Borgarting lagmannsrett blir ståande må tilsynet betale tilbake 16,45 millionar kroner til stiftelsen, i tillegg til sakskostnadar på 2,5 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv. Retten gjev tilsynet kritikk for "uansvarleg oppførsel", etter at dei reduserte styrehonorara til styremedlemmar i stiftinga. Tilsynet har førebels ikkje teke stilling til om dei vil anke saka.