NRK Meny

Må i retten

Martin Melvær Berge frå Florø og 45 andre gruveaksjonistar må møte i retten. Melvær Berge seier til avisa Firda at det er heilt uaktuelt for han å betale bota han fekk etter aksjonane i fjor haust. Etter å lenka seg fast til anleggsmaskinene til Nordic Mining og demonstrert mot dumping av gruveavfall fekk aksjonistane 10 000 kroner i bot som dei har nekta å vedta. Melvær Berge og dei 45 andre aksjonistane må møte i retten 20. til 28 september.