Gruppa, med Camilla Sæle Merkesvik frå Ortnevik og Kurt Andrè Aase frå Bygstad, utklassa konkurrentane i NRK P3 sin talentkonkurranse.
Ubeskriveleg
- Dette er heilt ubeskriveleg. Heilt overraskande. Vi trudde ikkje vi kom til å vinne! Det sa bandet på scena etter å ha fått vite at dei vann konkurransen. Bandet vann med melodien "Walk the Shame."
Heilt fantastisk
- Dette er rett og slett heilt fantastisk. Eg finn ikkje ord. Vi er overmåte glad! Dette var ei oppleving. Det seier trommeslagar Kurt Andrè Aase frå Bygstad til Lokalmusikkredaksjonen Lutt i NRK Sogn og Fjordane.
Juryen sin favoritt
Pony The Pirate utklassa med sine 13090 stemmer konkurrentane. Totalt vart kom det inn 18000 stemmer. I tillegg hadde juryen 50 prosent av avgjerda, og dei hadde Pony The Pirate som sine favorittar. I juryen sat P3 sin musikksjef Håkon Moslet, bransjebølle og plateselskapssjef Christer Falck, Dagbladets Sigrid Hvidsten og Turbonegers Thomas Seltzer.
-Ein fantastisk spennande vokalist og ein utroleg sterk låt, som eg likte med det same, og som eg ikkje har blitt lei etter å ha høyrt 20 gonger, sa Christer Falck.
Norgesturne i premie
Vinnarane av Årets Urørt får statuett, 25000 kroner og ein turne til 18 spelestader i heile Norge. Bandet har nett vore i Ortnevik og spelt inn EP som dei skal ha klar til deltaking på By:larm i Oslo i februar.
Dermed lukkast dei første artistane som deltek i nasjonale konkurransar denne helga. Laurdag er Good Time Charle og Steinar Engelbrektson band nominert til Spellemannspris, og Surferosa står på Grand Prix scena.
NRK Sogn og Fjordane følger dei andre artistane utover helga.