Hopp til innhold

Liv Kreken slo ut alle

Liv Kreken slo ut både Sigrid Moldestad og Eva & The Heartmaker frå Fylkestoppen.

Liv Kreken
Foto: Glenn Karlsen.

Rett til toppen

Denne veka kom den første plata til Liv Kreken frå Jostedalen i Luster. I dag gjekk ho rett til toppen av Fylkestoppen. Kreken fekk flest røyster både frå fagjuryen og frå folket. Totalt kom fleire tusen røyster inn til dei sju melodiane på hitlista for Sogn og Fjordane.
Les og; Dette er melodiane som kjempa om å vinne i oktober.

Slo ut travarane

Travarar som Sigrid Moldestad og Eva & The Heartmaker ramla ut av lista denne månaden. Dette gav plass til to nye namn. I tillegg til Kreken kom også bandet Bergtatt inn på Fylkestoppen. Det etablerte bandet har fått ny vokalist frå Sandane og bassist frå Høyanger.
Les og; Lagar lokal supergruppe

Fylkestoppen resultat oktober 2010

Pl

Melodi

Artist

Poeng

Mnd

1

Ta meg i havn for i natt

Liv Kreken

281

Ny

2

Høyr itte

Tyyl!

265

4

3

Ikkje utan deg

Olav Stedje

262

2

4

Kristin og Sigurd

Bergtatt

253

Ny

Ut av lista:

 

 

 

 

5

Ein sæl kyss

Sigrid Moldestad

252

6

6

Mr. Tokyo

Eva & The Heartmaker

244

3

7

Arnegarden

Jakup

243

Ny